Eit køyretøy skilde seg verkeleg ut, då Statens vegvesen hadde tysdag ein trafikkontroll på E39 ved Langeland.

Køyretøyet fekk bruksforbod for det inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt, omtalar som to svært alvorlege feil. Draget – delen som festar lastevogna eller tilhengaren til køyretøyet – hadde fått ein skade og blitt bøygd. I tillegg hadde skaden øydelagt nokre hydraulikkslangar, som førte til lekkasje av hydraulikkolje i vegen.

– Kan føre til bråstopp og stor skade

– Når dette byrjar å bøye seg, så sig framenden lenger ned. Sig det ned i asfalten, då kan det bli bråstopp og stor skade, seier Salt om skaden på draget.

Lasta bak draget var ein gravemaskintransport og vog nesten ni tonn. Salt fortel at køyretøyet fekk køyreforbod etter hendinga, men at det fekk lov til å køyre til næraste verkstad, utan lasta. Tilhengaren får heller ikkje bli teke i bruk att før den er framvist på trafikkstasjon.

– Ekstremt glatt

Salt fortel at det bøygde draget også var kjelda til ein oljelekkasje, ettersom at bøygen hadde gnege hol i nokre slangar for hydraulikkolje.

– Lekkasjen starta om lag ved rundkøyringa ved Førde hotell, og gjekk vidare opp Lia, seier Salt, som fortel at spora også gjekk inn på kontrollstaden der køyretøyet vart stoppa.

Lekkasjen var så stor at vegtrafikksentralen vart varsla, og Mesta kalla ut for å skilte om glatt veg, i tillegg til å strø.

Inspektøren legg også til at ettersom køyretøyet hadde leke mykje hydraulikkolje, hadde det heller ikkje bremsekraft på hengaren som hadde lekkasjen.

I tillegg til faren ved køyring med skadene, fortel Salt at hydraulikkoljesøl er svært farleg på vegane.

– Det er ekstremt glatt, og ekstremt farleg. Særskilt for motorsyklar og mopedar, seier han.

Vegvesenet tok vidare avgjersla om å avbryte kontrollen klokka 13.00 grunna oljesølet på kontrollplassen.

Piggdekk, ingen årsavgift og lysmanglar

Totalt var 41 køyretøy innom kontrollplassen. 39 av desse vart nærare kontrollert.

I tillegg til køyretøyet som fekk bruksforbod, vart også ein førar meld for manglande førarrett for bil og tilhengar. Eit anna køyretøy vart avskilta ettersom at deigar ikkje hadde betalt årsavgifta, men vedkommande betalte på kontrollplassen.

Fem køyretøy fekk skriftlege tekniske manglar for manglar på lys, rust på bremser og svak bremse på tilhengar. Eitt køyretøy fekk bruksforbod for manglande sikring av last.

I tillegg vart det delt ut åtte gebyr for bruk av piggdekk og manglande dokument. Tre av gebyra var for bruk av piggdekk.

– Det er ingen grunn for å ha piggdekk no så seint, seier Salt.