UP hadde onsdag fartskontroll i 60-sona ved Kusslia i Førde. Det vart skrive ut ni forenkla førelegg i kontrollen. Høgste vart var 83 kilometer i timen. Det er berre tre kilometer i timen frå å miste lappen. I 60-sona er grensa for å miste lappen 86 kilometer i timen.