Arbeidet med fjernvarmeanlegget i Førde er i full gong. Prosjektleiar Magne Hjelle i Førdefjorden energi, kan fortelje at dei no held på med bygginga av energisentralen på Øyrane. I tillegg grev dei leidningsgrøfter på land. No og i tida framover blir det gravearbeid i Øyranevegen.

Heile fem kilometer med grøfter skal gravast frå Øyrane, gjennom sentrum, og opp til Førde sentralsjukehus. Storsatsinga skal stå klar i årsskiftet 2017/2018. Då skal varme frå sjøvatnet i fjorden forsyne bygg i Førde sentrum med fjernvarme.

Blir omkøyring i sentrum

Både privatpersonar og bedrifter vil legge merke til gravearbeidet.

– Det vil bli ein del omkøyringsvegar i områda der vi skal grave grøfter i tida framover, seier prosjektleiar Hjelle.

Til våren skal dei grave over riksveg 5 på Øyrane. Då skal dei grave ei grøft gjennom rundkøyringa der Øyranevegen og Naustdalsvegen møtast.

– Vi skal dele opp arbeidet i to etappar, og håpar at vi skal klare å ta unna trafikken, seier Hjelle.

Ifølge framdriftsplanen skal arbeidet på Hafstad starte før jul.

Den raude streken i kartet under, viser kvar røyra til fjernvarmeanlegget skal leggast. (Saka fortset under kartet.)

 

Skal vere i bruk neste haust

Allereie hausten 2017 skal delar av anlegget vere oppe og gå. Ein vil ikkje vere ferdig med alle grøftene, men grøftene fram til Sunnfjord hotell kan då takast i bruk. I tillegg skal energisentralen med alt utstyr, også vere klar neste haust, fortel prosjektleiaren.

19. september kunne ein nøgd Olve Grotle ta første spadetak i prosjektet. Det er entreprenør Magne Hafstad AS som står for grøftearbeidet. Sjølve søknaden om graveløyvet vart innsendt til kommunen berre seks dagar i førevegen.

Førde kommune brukte éin dag på å behandle og godkjenne søknaden om å grave fem kilometer med grøfter gjennom Førde sentrum.