Bil hamna utfor E39

HAMNA I GRØFTA: Ein bil hamna i grøfta ved E39 ved Sunde i Førde onsdag morgon.

HAMNA I GRØFTA: Ein bil hamna i grøfta ved E39 ved Sunde i Førde onsdag morgon. Foto:

DEL

Ein personbil hamna utfor E39 ved Sunde i Førde i morgontimane onsdag.

Ein redningsbil er på staden og hentar køyretøyet, som skal ha materielle skader.

Firda sin journalist på staden seier det ikkje er naudetatar på staden.

Politiet fekk melding om ulykka 06.10.

– Vi fekk ein telefon frå ein forbipasserande som hadde sett ein bil i grøfta, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Meldaren såg ikkje folk i bilen. Det skal ikkje vere personskade og politiet har ikkje vore ute på staden, seier Sætre til Firda. 

Artikkeltags