Tjuvar stakk av med traktorskuffe på 200 kilo

UFORSTÅELEG: Handverkar Knut Arve Helle og avdelingsdirektør Gunnhild Systad synest det er uforståeleg at nokon har stole ei traktorskuffe frå Sunnfjord Museum.

UFORSTÅELEG: Handverkar Knut Arve Helle og avdelingsdirektør Gunnhild Systad synest det er uforståeleg at nokon har stole ei traktorskuffe frå Sunnfjord Museum. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Eg hadde ikkje fantasi nok til å tru at nokon skulle stele ei traktorskuffe, seier Knut Arve Helle.

DEL

Han jobbar som handverkar på Sunnfjord Museum i Movika i Førde. Onsdag ettermiddag førre veke sette han traktoren frå seg klokka 15.30 og reiste frå jobb.

Morgonen etter var den raude skuffa bakpå traktoren vekke. Skuffa var påmontert traktoren og vog rundt 200 kilo.

Målretta tjuveri

– Skuffa var festa til traktoren med såkalla HMR-feste. Så dei må ha jobba med å få den av, og ei slik skuffe er ikkje akkurat noko ein skuffar under armen. Det må ha vore minst eit par gjerningspersonar, seier avdelingsdirektør Gunnhild Systad ved museet.

Der traktoren står, kan ein sjå rustspor i asfalten. Dei viser at skuffa har blitt slept nokre meter langs bakken etter at den var losna frå traktoren.

BORTE VEKK: Her har tjuvane losna og tatt med seg den svært tunge traktorskuffa.

BORTE VEKK: Her har tjuvane losna og tatt med seg den svært tunge traktorskuffa. Foto:

Systad kan ikkje sjå teikn på at tjuvane har prøvd å få med seg noko anna enn skuffa.

– Dette var veldig målretta, seier Systad, som spør seg kvifor akkurat traktorskuffa var så interessant.

– Om det er nokon som har som mål å stele slike ting, eller om nokon hadde bruk for ei traktorskuffe og såg at det ikkje var folk her om natta, det er ikkje godt å seie.

Onsdag denne veka etterlyste museet traktorskuffa på Facebook:

Meldt til politiet

Tjuveriet må ha skjedd mellom klokka 18 onsdag kveld og klokka 08 torsdag morgon førre veke. Handverkaren Knut Arve Helle skjønte lite då han kom på jobb dagen etter tjuveriet.

– Eg trudde nokon hadde lånt traktoren vår og gløymt å ta på igjen skuffa. Eg hadde ikkje fantasi til å tru at nokon hadde stole skuffa, seier Helle, som brukar traktoren dagleg.

Museet har meldt saka til politiet. Systad spurde politiet om dei hadde fått melding om liknande tjuveri andre stader, i tilfelle det var ein del av ein større aksjon. Men politiet kjende ikkje til andre tjuveri av landbruksutstyr i same tidsrom.

I sommar blei også ein kunstinstallasjon stole frå museumsområdet.

UTE: Slik stod traktoren då tjuvar stakk av med skuffa førre veke. Grunna plassmangel er traktoren nøydd til å stå utandørs.

UTE: Slik stod traktoren då tjuvar stakk av med skuffa førre veke. Grunna plassmangel er traktoren nøydd til å stå utandørs. Foto:

– Irriterande og uforståeleg

Kva synest du om at folk går og stel traktorskuffer?

– For å bruke eit ordspel, er vi jo veldig skuffa. Folk som har høyrt om dette, ristar på hovudet. Vi forstår ikkje at det mogleg å tenke at ein skal stele ei traktorskuffe frå traktoren til nokon andre. Det er irriterande og ganske uforståeleg, seier Systad.

Museet må no gå til innkjøp av ny skuffe, som vil koste rundt 25.000 kroner.

– Eg reknar ikkje med at nokon kjem og leverer tilbake skuffa vår. Eg trur heller ikkje at nokon vil svare ja om vi spør om dei har tatt den, seier Systad.

Artikkeltags