No jobbar bilbergarane dag og natt

MANGE OPPDRAG: Det vart over tjue oppdrag på Førde Bilberging i går.

MANGE OPPDRAG: Det vart over tjue oppdrag på Førde Bilberging i går. Foto:

FYLKET: Den første vinteren kom brått på bilistane. For Førde Bilberging resulterte det i over tjue oppdrag og nærare tjue timar lang arbeidsdag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Vi jobbar vel eigentleg dag og natt no når det trengst. Vi var fire mann på jobb måndag, og jobba vel 20 timar kvar, seier eigar og dagleg leiar i Førde Bilberging, Arild Tistel.

– Vi var på i overkant av tjue oppdrag, og tre-fire av dei var ganske tidkrevjande og omfattande. Det var hektisk, seier Tistel, og legg til at oppdraga var spreidd over store avstandar. 

Dette førte til at bilbergaren måtte kalle inn meir mannskap etter kvart som oppdraga segla inn utover dagen og natta.

Verste dagen i veka

– Men vi prøvde å spare nokon i tilfelle det skulle bli meir behov for folk, seier Tistel, og legg til at det lett går nokre liter kaffi per mann på slike dagar som måndag.

– Måndagane er generelt travle, og når det då blir glatt og frost i tillegg, så blir det ekstra hektisk, seier Tistel.

Han som trur at det også heng saman med at det samlar seg opp arbeid frå helga som folk ikkje melder inn før måndagen, og at bilane kanskje har stått nokre dagar før dei er i bruk att og då dukkar det opp problem.

Også den svarte asfalten kan lure folk til å feilvurdere føreforholda.

– I dag når det er snøføre, er det faktisk mindre aktivitet på oss enn i går då det berre var glatt. Eg trur det heng saman med at folk er meir merksame på at det kan vere glatt når dei ser at det er kvitt på vegen. Dei blir tekne meir på senga når det berre er svart asfalt og isføre. For svart asfalt har vi jo nesten heile året her i Sunnfjord, så når det då blir ei ishinne i staden for asfalt så ser ein det ikkje med ein gong, seier Tistel.

Bilbergaren si oppmoding

Sjølv om han lever av å berge folk som har hamna utfor vegen, hamna i ulykker eller av andre grunnar har fått bilhavari, har Tistel ei oppmoding til bilistane:

HEKTISK: Det vart ein lang og travel dag for karane i Førde Bilberging i går. Her er dagleg leiar Arild Tistel.

HEKTISK: Det vart ein lang og travel dag for karane i Førde Bilberging i går. Her er dagleg leiar Arild Tistel. Foto:

– Folk er generelt litt travle i trafikken. Dei er litt lite omsynsfulle, og eg ser mykje rare forbikøyringar når eg er på veg til oppdrag. Eg vil oppmode folk om å vere forsiktige i trafikken. Og så er det ei god investering med skikkelege dekk, seier Tistel.

Han ber folk om å ta det meir med ro:

– Det er alltid summen av tilfelle som skjer når det er ei ulykke. Men som regel er det farten som er for stor akkurat der og då i høve til føret og situasjonen, seier Tistel, og legg til:

– Kjem du på ein islagd veg og vegen heller ut mot grøfta, så har det ein tendens til å segle den vegen det heller. Det er ikkje alt ein kan førebu seg på.

Glade når dei kjem

Ifølge Tistel vil folk eigentleg ikkje treffe bilbergaren.

– Men når dei ser oss blir dei veldig glade likevel, for då har dei behov for oss. Og då er det som regel takksemd, og om folk er stressa på grunn av situasjonen – så er det vår jobb å løyse den på best mogleg måte. Vi får køyretøyet på vegen, transporterer folk, dyr og bagasje dit dei skal, ordnar leigebil og slike ting. Vi handterer alt dette saman med forsikringsselskapa, seier Tistel som i dag har fullt opp med papirarbeid etter alle oppdraga i går. 

Artikkeltags