Her vil Opseth doble talet på parkeringsplassar, og det må skje fort

KAN DOBLE: På denne parkeringsplassen ved Fjellvegen/E39 var det fullt og kring 80 bilar ved lunsjtider måndag. Ein ekstra etasje vil enkelt doble talet P-plassar. Det kan gjerast på seks-sju månader, meiner Geir Opseth.

KAN DOBLE: På denne parkeringsplassen ved Fjellvegen/E39 var det fullt og kring 80 bilar ved lunsjtider måndag. Ein ekstra etasje vil enkelt doble talet P-plassar. Det kan gjerast på seks-sju månader, meiner Geir Opseth. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Kommunen må ordne fleire plassar til langtidsparkering i Førde, så skal vi i næringslivet gjere vår jobb, seier Geir Opseth.

DEL

Opseth er styreleiar i Førde Industri- og næringssamskipnad (FINS), ein organisasjon som arbeider for interessene til næringslivet i kommunen, med kring 140 medlemsverksemder. Opseth gjer det klart at han også har ei kommersiell interesse i parkeringsdebatten, som medeigar (20 prosent) av aksjane i InPark AS, eit eitt og eit halvt år gammalt Førde-selskap som leverer «puckar» til å legge i grunnen for å måle kor lenge ein bil står på ein parkeringsplass.

Tre timar gratis

Som talsmann for næringslivet seier Opseth at 3000–4000 personar pendlar til Førde på jobb kvar dag. Dei treng parkeringsplassar, men desse må ikkje vere rett utanfor døra til arbeidsplassen.

Det er kommunen si oppgåve å skaffe nok plassar til langtidsparkering. Når dei er på plass, er det mogleg å sjå på parkeringsordningar som til dømes tre timar gratis parkering. Rekkefølga er avgjerande. Ved å få orden på langtidsparkeringa, vil dét føre til ønska rotasjon på resterande parkeringsplassar i sentrum, meiner næringslivet.

Dette har FINS ved Opseth og Sunnfjord Utvikling AS ved dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen sagt frå om i ein høyringsuttale til «Sentrumsstrategi for Førde» datert 5. september 2018.

Kan doble talet, enkelt

Opseth nemner konkret plassen mellom Bergehallen (Førde og Naustdal lensmannskontor) og den såkalla Brunosten, på sørsida av Fjellvegen/E39. Her var det kring 80 bilar og fullt ved lunsjtider måndag, som bildet syner. Ved å bygge ein etasje over asfalten, doblar ein talet.

– Dette er kommunen si oppgåve, og dette kan ein gjere fort. I løpet av seks–sju månader bør det skje noko, meiner Opseth.

Det finst også fleire areal som kommunen har hand om, seier han.

EI RØYS: Næringslivet har allereie bygt ei røys med parkeringsplassar på loft og i kjellar, seier styreleiar Geir Opseth i næringssamskipnaden.

EI RØYS: Næringslivet har allereie bygt ei røys med parkeringsplassar på loft og i kjellar, seier styreleiar Geir Opseth i næringssamskipnaden. Foto:

– Er dette noko som kan løysast i arealplanen, som bystyret skal vedta i vår?

– Delar av det må kanskje inn der, men dei areala som kommunen har hand om og som er regulerte, der kan dei sette i gang med ein gong, seier Opseth.

På loft og i kjellar

– Kva skal næringslivet gjere?

– Næringslivet har bygt «ei røys» med parkeringsplassar både på loft og i kjellar, og det vil vi halde fram med. Vi er samde i at det er ønskeleg å redusere tal parkeringsplassar på bakkenivå, men kommunen må få orden på langtidsparkeringa før dei tek til å fjerne dagens parkeringsplassar, seier Opseth.

– Vi ønskjer at fleire skal sykle og gå i Førde, men dei som ikkje bur sentralt må kunne reise effektivt med kollektiv transport eller kunne parkere greitt på tilrettelagd langtidsparkering, understrekar han.

Artikkeltags