Vil la kunden bli konge på kraftmarknaden

ALLIANSE: Gründer og dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber har fått med seg dagleg leiar Monika Inde Zsak (t.v.) i BKK Grønn InVest på laget. Med 15 millionar i ferske midlar, håper Vårdal Aksnes på ytterlegare vekst for Tibber.

ALLIANSE: Gründer og dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber har fått med seg dagleg leiar Monika Inde Zsak (t.v.) i BKK Grønn InVest på laget. Med 15 millionar i ferske midlar, håper Vårdal Aksnes på ytterlegare vekst for Tibber. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Teknologiselskapet Tibber frå Førde allierer seg med BKK, og lanserer verdas første heildigitale straummarknad.

DEL

– I sommar såg vi at vi låg føre måla både for det vi hadde håpa på, og det vi hadde drøymt om. Så vi såg at vi måtte hente meir kapital for å auke veksten endå meir, seier Edgeir Vårdal Aksnes, og legg til at dei ønskte å ha med seg ein partnar frå energiprodusentsida.

Av fleire moglege partnarar, fall valet på kraftgiganten BKK.

– Dei har gått inn med 15 millionar kroner, og gjer alle sine 28 kraftverk tilgjengelege slik at straumkundane våre kan kjøpe straumen direkte frå dei saman med dei andre vi hadde frå før, seier Vårdal Aksnes, og legg til at dette var ein god match for selskapet.

Kompetansen viktig

Han fortel at ein av grunnane til at dei valde akkurat BKK var at selskapet har ein stor kompetanse, som han håper vil komme til nytte når dei no skal vidareutvikle Tibber mot å regjere på den digitale kraftmarknaden.

– Og så er ikkje BKK større enn at dei er smidige med tanke på utvikle nye konsept, seier Vårdal Aksnes.

TIBBER

Ein app som finn den billegaste fornybare straumen og automatisk endrar straumabonnementet ditt for deg

Kan koplast opp mot varmeomnar, varmepumper og liknande i huset ditt for å minke straumforbruket

Har kontor i Noreg og Sverige, med hovudkontor i Førde

Starta opp i 2015 av gründerane Daniel Linden  og Edgeir Vårdal Aksnes

Vann Petter Stordalens gründerkonkurranse i 2016, mder den beste forretningsideen fekk ein million kroner

BKK har kjøpt i underkant av 10 prosent av aksjane i Tibber.

– Hovudkontoret til Tibber skal framleis vere i Førde. Det er her vi har kompetansen, seier Vårdal Aksnes.

Frå før har også investoren Petter Stordalen gått inn med 4,5 millionar kroner, noko som førte til at selskapet fekk rom til å vekse.

– Dette gjorde at vi kunne auke talet på tilsette frå ni til 15, seier Vårdal Aksnes, som ikkje ser vekk ifrå at det vil verte fleire tilsettingar på sikt.

Smarte omnar som sparer straum

Med BKK i ryggen får Tibber realisert fleire spennande satsingar som kjem framover.

– Det viktigaste for oss er at vi får utvikla produktet vårt. Det er å kunne gje folk ei lågare straumrekning totalt sett. Det inneber to ting: det eine er at vi må få digitalisert alle straumkjøpa, slik at du får ein låg pris. Og det andre er at vi må kople inn ny, smart teknologi for å redusere straumforbruket i heile huset. På den måten får ein ned straumforbruket og nettleiga, seier Vårdal Aksnes, og røper at dei jobbar med nye typar løysingar for teknologi som dei kan kople inn i Tibber.

– Vi får auka på denne produktutviklinga, og får også endå fleire ressursar til å jobbe ut i marknaden både mot hushaldskundar og andre partnarar. Vi kjem til å lansere ein del nye partnarar knytt til utstyr som du kan kople opp i huset. Eg kan røpe at vi kjem med ein partnar på panelomnar og el-billading, seier Vårdal Aksnes.

Har eit globalt potensial

BKK oppretta investeringsselskapet BKK Grøn InVest for ikkje så lenge sidan. Målet med selskapet er å kunne ta del i ny teknologi, som kan utfordre korleis dagens forretningsmodellar er. Der passa Tibber godt inn, seier Monika Inde Zsak i BKK Grøn InVest:

– Forretningsmodellen deira er kjempespennande, der dei har ei teknologiplattform som kan vere framtidas marknadsplass for energihandel. Dei har eit globalt potensial, og det er kjempespennande å vere med på når eit selskap digitaliserer ei heil verdikjede. Det er noko vi ønsker å ta ei aktiv rolle.

Inde Zsak legg til at dei personlege eigenskapane til Tibber-gjengen også var viktige:

– Menneska i Tibber er flinke på det dei gjer, og lidenskapleg opptekne av sluttkunden si oppleving. Og det er vi opptekne av; for slik energimarknaden utviklar seg, vil sluttkunden få ei større rolle. Då er det viktig å kunne tilby noko som gir kunden stor verdi, og set kunden sine behov i sentrum.

– Som ein investor trur vi på avkastning, men vi skal vere noko meir. Vi skal vere ein industriell eigar, seier Inde Zsak, som håper at dei vil få utvikla dei forretningsmessige sidene rundt det å få vasskrafta ut til kunden på ein billegast mogleg måte utan fordyrande mellomledd.

Artikkeltags