Teiknaren fanga skrivefeilen

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Denne skrivefeilen trigga kreativiteten til mannen som passerte det provisoriske skiltet ved inngangsdøra til Ullsentralen i Førde.

DEL

«Kjevortopedisk tannelge» stod det å lese på skiltet som viste veg til dei to kjeveortopedane som nettopp hadde flytta inn i bygget midt i Førde sentrum.

Teikna elgen

Det er verkeleg stor skilnad på ein lege og ein elg, og dette må vere dårleg marknadsføring. Som nyinnflytta i bygget må dei få betre marknadsføring, tenkte vedkommande, og bestemte seg for å gje sitt kreative bidrag i marknadsføringa.

– Eg gjekk eit stykke unna, fann ein papirlapp og teikna ein tannelg. Den festa eg ved sida av teksten, humrar mannen som ønsker å vere anonym.

– Det kan ikkje stå slik, seier vedkommande.

Og skiltet blir garantert ikkje ståande lenge:

– Litt fort i svingane

– Er det rett? Det må rettast umiddelbart, seier vedkommande som både skreiv og hengde opp skiltet.

Også han vil vere anonym, men er ikkje kjeveortoped, og jobbar heller ikkje i bygget.

– Kjeveortopedane flytta inn i går, og dei provisoriske skilta vart sett opp for at folk skulle finne fram. Men det var ein litt stressa situasjon, og her har det nok gått litt for fort i svingane. Det er berre å beklage, seier vedkommande.

Artikkeltags