Tapte serieopninga med knappast mogleg margin: – Skikkeleg drit

SLEGNE, MEN FATTA: Førde tapte serieopninga med fattige eitt mål, men tek med seg at det ferske laget hadde fungerande samspel. Frå venstre: Elisabeth Lund, trenar Hilmar Gudlaugsson og Amanda Holmen Eriksen.

SLEGNE, MEN FATTA: Førde tapte serieopninga med fattige eitt mål, men tek med seg at det ferske laget hadde fungerande samspel. Frå venstre: Elisabeth Lund, trenar Hilmar Gudlaugsson og Amanda Holmen Eriksen. Foto:

Men likevel er det mykje Førde-damene tek med seg frå kampen som dei er nøgde med.

DEL

Søndag starta årets førstedivisjon for Førde sitt damelag i handball. Den starta på bortebane mot Fjellhammer, der dei kvitkledde fekk ein sur start på sesongen. For med 28–27 til heimelaget, tapte Førde med knappast mogleg margin.

Kampen rauk i første omgang

– Det er alltid surt å tape med eitt mål. Det er skikkeleg drit, seier Elisabeth Lund til Firda etter kampen.

Ho fortel at dei sleppte inn for mange mål i første omgang, spesielt i ein periode på slutten av omgangen.

– Når omgangen er over, har vi sleppt inn 17 mål, seier Lund.

Førde måtte starte opphentinga i andre omgang tre mål bak. Dei greidde å kjempe seg opp til uavgjort, men Lund fortel at laget kasta vekk nokre sjansar som kunne gitt dei leiinga.

Til slutt heldt Fjellhammer dei unna, og sikra seg sigersmålet.

Store endringar i laget

Men trass i det sure tapet, fortel Lund at ho og lagvenninnene ikkje er heilt knekte etter kampen.

Laget har gjennomgått store utskiftingar før denne sesongen. Lara Zidek, Ida Drønen, Ivana Raickovic, Brita Gretarsdottir og Camilla Leikvoll er nye i troppen. I tillegg har mange av Førde sine spelarar gått til nye klubbar eller slutta.

– Vi er få spelarar, og det gjer oss sårbare for skadar. Men fordelen er at vi blir fort samspelte. I dag gjekk det bra, og vi fann kvarandre lett. Det samspelet skal vi bygge vidare på, seier Lund.

Ho fortel at det gjorde ho gira å sjå at dei kjempa seg tilbake i kampen etter ein dårleg start.

– Men når vi ser moglegheita er der mot slutten og ikkje tek den, det er kjedeleg.

Spente før sesongstart

Ho vedgår at dei har vore spente på kvar dei stod føre denne sesongen.

– Vi har på mange måtar begynt på nytt, og vi var spente på kvar vi stod i dag. No har vi fått måle oss mot Fjellhammer, og synte at vi hang med dei, seier Lund.

Neste kamp for Førde er mot Skrim Kongsberg på heimebane. Den vert spelt klokka 18.00.

Artikkeltags