Gå til sidens hovedinnhold

Over 4500 påmelde til Landsskyttarstemnet

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: 4513 skyttarar er påmelde til årets landsskyttarstemne i Førde.

Påmeldingsfristen gjekk ut 15. juni, og styreleiar i LS2017, Christian Rekkedal, måtte registrere at det enno er eit stykke att til målet han sette for årets stemne.

På nivå med 2008-stemnet

– Eg har sagt at målsettinga er 5000, det når vi neppe, men vi reknar med at det kjem mellom 200 og 300 etterpåmeldingar, og dermed når vi 4800, som er identisk med deltakartalet sist vi arrangerte Landsskyttarstemnet i Førde, i 2008, seier Rekkedal.

Og fristen for etterpåmelding utan å måtte betale avgift er sett til 1. juli, ifølge styreleiaren.

Samstundes registrerer Rekkedal at pågangen til plass på skyttarcampen er større enn for ni år sidan.

Over 1000 på skyttarcampen

– Då hadde vi 900 telt eller campingvogner inne, men så langt har er det påmeldt 975 plassar til campingvogn, bubil eller telt på skyttarcampen. Dermed blir det nok over 1000 bueiningar når stemnet er i gang, seier Rekkedal.

Landsskyttarstemnet opnar 27. juli, og fram til avslutningsdagen 4. august kjem nok skyttarane til å sette sitt preg på Førde.

Samstundes er det klart at landsskyttararenaen er i ferd med å ta form. Dei digitale skyteskivene er på plass, det same er resultattavla. Og fredag starta arbeidet med å montere feltskivene.

Kommentarer til denne saken