Kapteinen med klar tale etter nok eit tap: – Spelar ikkje 1. divisjon neste sesong om vi presterer sånn

HEIMETAP: Maria Ullebust Oppedal fekk det tøft på streken i søndagens kamp mot Fjellhammer. Her set ho inn eit av Førdes 27 mål i kampen.

HEIMETAP: Maria Ullebust Oppedal fekk det tøft på streken i søndagens kamp mot Fjellhammer. Her set ho inn eit av Førdes 27 mål i kampen. Foto:

HANDBALL: Maria Ullebust Oppedal var lite fornøyd etter Førde sitt 27–34-tap mot Fjellhammer på søndag.

DEL

Før oppgjeret hadde Førde venta ein jamn kamp. Kun fire poeng og ein tabellplassering skilde dei to laga før søndagens heimemøte. I tillegg vart resultatet 23–23 mellom tabellnaboane då dei møttest i september i fjor, men då laga møttest i Førdehuset søndag, var det bortelaget som tok kontrollen tidleg.

Tøff kamp

– Vi heldt det eg lova i første omgang synst eg. I andre omgang er det vi leverer på grensa til pinleg. Vi må forbetre oss forsvarsmessig og bli tøffare mann mot mann. I dag var det langt ifrå bra nok, seier Kaptein Maria Ullebust Oppedal til Firda etter kampen.

Etter førre kamp mot Skrim lova ho at Førde skulle gå tøft ut i dagens kamp.

Det blei i det heile tatt ein tøff kamp for Førde. Etter ei jamn opning begynte Fjellhammer å sige ifrå. Det tok 13. minutt før Førde fekk si første redning, samstundes som Fjellhammer sin keeper var god og plukka fleire ballar. Til pause sto det 14–16 i favør bortelaget.

Andre omgang starta ikkje betre og Førde kom raskt bakpå med fleire mål. Tidleg i omgangen tok trenar Kristinn Gudmundsson timeout, men til inga nytte. Førde kom aldri i nærleiken og låg på det meste bak med ti mål. Kampen enda til slutt 27–34 til laget frå Lørenskog.

På streken var det tøffe tak og kaptein Oppedal gjekk fram som eit godt eksempel for sine lagvenninner. Ho kriga fram fleire mål og var ein av dei betre spelarane på heimelaget.

– Det var veldig tøffe forhold på streken i dag. Eg er ikkje alltid einig i dommaren si avgjerd, men i dag kan vi ikkje skulde på dommaren. Vi spelar ikkje i 1. divisjon neste sesong om vi held fram å prestere som dette. Vi veit kva vi er gode for, seier Oppedal.

Må jobbe med forsvaret

Trenar Kristinn Gudmundsson var ein betenkt mann etter tapet mot Fjellhammer. No er han førebudd på ein tøff kamp om å behalde plassen i 1. divisjon.

BETENKT: Trenar Kristinn Gudmundsson såg betenkt ut mot slutten av kampen.

BETENKT: Trenar Kristinn Gudmundsson såg betenkt ut mot slutten av kampen. Foto:

– Det blir veldig tøft, men vi må kjempe vidare. Heldigvis er det mange kampar igjen.

Gudmundsson er einig med Oppedal. Om dei presterer sånn resten av sesongen må dei ta den tunge turen ned i 2.-divisjon. Likevel tok han med seg positive ting frå kampen på søndag.

– Eg synest strekspelet er veldig bra i dag. Når det kjem til vår nye spelar Diana Kristin Sigmarsdòttir blir det tøft for ho i dag. Ho har ikkje spelt på dette nivået tidlegare og har ikkje fått trent ordentleg med oss enno.

Trass i at Førde mista to spelarar på nyåret, blir det ifølge Gudmundsson ikkje henta inn fleire nye spelarar.

– Vi må jobbe med det vi har. Eg veit vi kan betre enn det vi viste i dag. No må vi jobbe med forsvaret heile vegen fram til neste kamp mot Aker. Vi må ta krigen. I dag klarer vi ikkje å stoppe dei og det resulterer i 34 baklengs.

Artikkeltags