Studentane i Førde og Sogndal er blitt meir tilfredse

UTVIKLING: Bjørg Kristin Selvik (bilde) ser positivt på at mange av studia ved høgskulen gjer det bra i NOKUT si nye undersøking.

UTVIKLING: Bjørg Kristin Selvik (bilde) ser positivt på at mange av studia ved høgskulen gjer det bra i NOKUT si nye undersøking. Foto:

UTDANNING: Ingeniør– og sjukepleiarelevane i Førde er svært tilfredse med studia sine, går det fram av ei ny nasjonal undersøking.

DEL

Fleire av studia ved Høgskulen på Vestlandet i Førde og Sogndal er meir populære i år enn i fjor, ifølge Studiebarometeret, som er ei nasjonal undersøking utført av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) på oppdrag for Kunnskapsdepartementet.

I den nasjonale undersøkinga nådde fleire av studia til Høgskulen på Vestlandet i Førde og Sogndal høgt opp på målingane. Sjukepleie – og ingeniørstudentane i Førde og Idrettsstudentane i Sogndal er svært tilfredse med studia dei går på. Sjølv om desse utdanningane elles scorar nokså høgt på landsbasis, ligg Førde og Sogndal i øvre sjiktet.

Kvar utdanning vert målte på ulike felt, der gjennomsnittet blir samla som ei heilskapsvurdering. På ein skala frå 1 til 5, ligg bachelorutdanninga i sjukepleie i Førde på 4,3, der landsgjennomsnittet er 4. Og ingeniørfaga i elektro i Førde ligg på 4,2 og 4,6, der landsgjennomsnittet er 3,9.

Populære studium

I undersøkinga kjem det fram at fleire av studia i Førde og Sogndal er svært populære. Det ser òg ut til at trivselen på ein del av desse studia er høgare på bygda og dei mindre studiestadane enn i dei større byane.

– Små studiemiljø har sine fordelar. Ein får tettare tilknyting til dei som underviser og studentane imellom, seier prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik.

På landsbasis er masterutdanninga i organisasjon og leiing i Sogndal blant dei betre masterprogramma for studentar som vil utdanna seg innan dette fagfeltet, der utdanninga er vurdert til 4,5. Landsgjennomsnittet er på 4,1.

Framgang

– Det mest gledelege er nok å sjå framgang på enkelte fag. Mellom anna ser vi at bachelorstudentane ved eigedomsmeklingsstudiet i Sogndal er synleg meir nøgde med studietilbodet i år enn i fjor. Det viser at høgskulen tar undersøkinga på alvor, og er i stand til å gjere tiltak som betrar studietilbodet, seier Selvik, i ei pressemelding frå høgskulen.

Alt i alt ligg Høgskulen på Vestlandet på landsgjennomsnittet på Studiebarometeret. Selvik ser at skulen kan betra og utvikla tilboda sine i åra som kjem, og at dei ulike studiestadane kan lære av kvarandre.

– Det er kanskje litt tidleg å snakke om ein «fusjonseffekt» enno. Men vi har tru på at når vi får utnytta den kunnskapen og kompetansen som finst i heile Høgskulen på Vestlandet, på tvers av dei gamle høgskuleregionane, så vil studentar ved alle fag merke ein positiv effekt, seier Selvik i pressemeldinga.

Utbetring av barnehagelærarutdanninga

Barnehagelærarutdanninga i Sogndal ligg under landsgjennomsnittet i Studiebarometeret si undersøkjing, noko Høgskulen på Vestlandet har tenkt å gjere noko med.

– Vi vil følgje opp resultata i studieprogramma og ha ein god dialog med studentane. Leiinga ved fakultet og utdanning vil samarbeide med fagmiljøa om tiltak for å betre resultata, seier Selvik.

Høgskulen tar Studiebarometeret på alvor.

Betre samarbeid

Ho seier vidare at høgskulen er i ferd med å lage ei felles barnehagelærarutdanning på tvers av studiestadane.

– Det er ein nasjonal rammeplan for utdanninga, men i dag organiserast denne ulikt på dei tre campusane våre som tilbyr utdanninga. Vi skal no samkjøre dette, seier Selvik.

Framover vert det eit tettare samarbeid mellom barnehagelærarutdanninga og barnehagane dei nyttar til praksis. Selvik trur dette vil vere med på å auke kvaliteten på utdanninga og trivselen til studentane.

Artikkeltags