SISOF fekk tilskot til omstridde studenthyblar

No har SISOF fått tilskot til å bygge 20 nye studenthyblar i Midtåstunet. Bustadane på bildet ligg mellom Hamretunet og Tervatunet.

No har SISOF fått tilskot til å bygge 20 nye studenthyblar i Midtåstunet. Bustadane på bildet ligg mellom Hamretunet og Tervatunet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane får midlar til ti av dei 40 bustadane dei søkte om.

DEL

Regjeringspartia, samt KrF og Venstre, tildeler midlar til å bygge 2200 studentbustadar i 2016.

– Tilgang på ein stad å bu er viktig for å kunne studere. I ein pressa leigemarknad med høge prisar og få utleigebustadar i forhold til behovet, er studentbustadar særleg viktig. Eg er glad for at regjeringa og samarbeidspartia held fram satsinga på studentbustadar i 2016, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) har fått midlar til ti hyblar i Midtåstunet 2 i Vieåsen. Dei hadde allereie fått tilskot til ti hyblar her.

– Vi har venta på dette. No startar vi på prosjektet. No skal vi få ein arkitekt til å teikne skisser. Så håpar vi å legge fram eit forslag til burettslaget som vi kan bli einige om, seier Randi Marie Sjøholt, adm.dir. i Studentsamskipnaden.

I september i fjor skreiv Firda om at SISOF vil auke talet på studenthyblar i Skaratunet og Midtåstunet frå 20 til 40, og at dei møtte kraftig motstand frå burettslaget.

– Doblar dei talet studentar vil det umogleg fungere. Det går ikkje, sa Gunn Karoline Fugle den gongen.

Randi Marie Sjøholt i SISOF er klar for å sette i gang prosjektet.

Randi Marie Sjøholt i SISOF er klar for å sette i gang prosjektet. Foto:

Når byggestart blir er uklart.

– Kanskje til hausten, seier Sjøholt.

Søkte om Vieåstoppen

SISOF søkte også om tilskot til 30 bustadar i Vieåstoppen, men fekk ikkje tilsegn her.

– Her er det enno ikkje avklart noko tomt, men no veit departementet kva planer vi har, seier Sjøholt.

Størst dekning i Sogndal

I juni ferdigstiller SISOF 150 nye hyblar i Sogndal.

– Då har vi 16–17 prosent dekningsgrad der, seier Sjøholt.

Viss dei får dei siste 30 dei har søkt om i Førde vil dekningsgrada i Førde bli omtrent lik.

– Men privatmarknaden er mykje større i Førde enn i Sogndal. Det er godt med private bustadar begge plassar, så leigemarknaden for studentane begynner å bli bra, seier Sjøholt.

Dette er det gitt tilsagn om tilskot til i 2016:

StudentsamskipnadTilsagn om tilskudd til antall hybelenheter
Studentsamskipnaden i Stavanger145
Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus416
Studentsamskipnaden i Trondheim300
Studentsamskipnaden i Østfold156
Studentsamskipnaden i Hedmark117
Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge255
Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane10
Studentsamskipnaden i Molde13
Nord studentsamskipnad374
Norges arktiske studentsamskipnad370
Blindern studenterhjem44
Sum2200

Artikkeltags