Ivar (23) blei kalla inn til historietime – fem år for seint

Ivar Bruvik Sætre og resten av klassekameratane frå Hafstad-tida risikerer fråvær onsdag.

Ivar Bruvik Sætre og resten av klassekameratane frå Hafstad-tida risikerer fråvær onsdag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg blei med ein gong tatt tilbake til ei anna tid, seier Ivar Bruvik Sætre som gjekk ut frå Hafstad vgs. i 2011.

DEL

«Det vert historie i 5.time på onsdag 02.03. Tema er kap. 5, Ola Sølvberg vert vikar. Det vert tatt fråvær».

Meldinga gjekk ut til alle i klasse 2C på Hafstad vgs. måndag denne veka. Problemet var berre at klasse 2C som fekk meldinga, gjekk ut frå Hafstad i 2011.

– Eg fekk litt flashback og ei nostalgisk kjensle. Det blir tatt fråvær. Kva er pensum? Skal eg gidde å lese det? I eitt sekund fekk eg eit lite stikk i magen, blei sett tilbake til den tida, og tenkte at her er det noko eg ikkje har fått med meg. Så skjønte eg at det var ei feilmelding, seier Ivar Bruvik Sætre (23) frå Førde med eit smil.

Først trudde Ivar at han var den einaste som fekk meldinga.

– Difor la eg den ut på Facebook. Det var jo veldig gøy.

Det viste seg kjapt at heile klassen frå Hafstad-tida hadde fått meldinga.

Ivar prøvde å svare læraren, men dessverre var det nok ingen i andre enden av systemet. Ps. Fru Ingvaldsen er ein fiktiv karakter.

Ivar prøvde å svare læraren, men dessverre var det nok ingen i andre enden av systemet. Ps. Fru Ingvaldsen er ein fiktiv karakter. Foto:

– Det blei litt samhaldskjensle, seier Ivar.

Rektor lo godt

Vi ringer konstituert rektor, Inger Karin Oppedal, på Hafstad vgs.

– Det ligg ein systemfeil i fronter som gjorde at vikaransvarleg fekk opp den gamle klassen, i staden for dagens klasse 2C, forklarer ho.

– Det er jo beklageleg, men det vart ei morosam historie. Ivar er ein tidlegare elev av meg, så eg lo godt då eg las meldinga med svara som han la ut på Facebook. Kva skal eg seie? Ein gong Hafstad-elev, alltid Hafstad-elev, seier Oppedal.

Får fråvær

Ho understrekar at Ivar og resten av klassekameratane er hjarteleg velkomne til historietimen onsdag.

– Det er berre å komme. Han skal få servert kaffi viss han kjem, seier ho med ein latter.

Ivar Bruvik Sætre er nynorsk-praktikant i Firda og har dessverre ikkje høve til å komme til historietimen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken