Dei brukar 15 sekund kvar dag – det gav dei 10.000 rett i lomma

VANN: Familien i Førde kan glede seg over 10.000 kroner rett i lomma. T.v: Sander(6) Hilde, Aron(9), Ella(2) og Svein Inge Halbrend.

VANN: Familien i Førde kan glede seg over 10.000 kroner rett i lomma. T.v: Sander(6) Hilde, Aron(9), Ella(2) og Svein Inge Halbrend. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Familien Halbrend kastar ikkje berre mjølkekartongane rett i boss. Det har dei tent gode pengar på.

DEL

– Eg hadde i grunn aldri tenkt over at vi kom til å vinne noko pengar på dette. Eg har berre bretta og levert dei inn, seier Svein Inge Halbrend.

Veldig stas å vinne

Familien på fem i Førde har i fleire år bretta mjølkekartongane heime på kjøkkenet i Farsundfeltet.

Særleg er det pappaen som har teke ansvar med å vaske kartongane etter bruk, brette dei og putte dei opp i ein open drikkekartong. Så har han skrive på namn på familien før han har putta den i papir- og pappdunken.

Dermed har han vore med i trekninga i Returkartong-ordninga. Alle kan vere med og delta i lotteriet, både privatpersonar, organisasjonar, skular osv. Kvart år blir det delt ut premiar for 1,6 millionar til 124 vinnarar.

Les også: Bretta seg til 40.000 kroner

– Det var veldig kjekt at vi vann, seier Sander (6) og Aron (9).

Til ære for fotografen syner Aron korleis han på sekund brettar ein mjølkekartong og stappar den ned i ein open kartong.

– Det er ikkje så veldig vanskeleg, konstaterer han.

2000 kroner på kvar

Særleg borna synest det er stas at dei har vunne 10.000 kroner i lotteriet.

– Det blir 2000 kroner på kvar av oss det, smiler Aron, medan Sander hentar fram Kaptein Sabeltann-lommeboka si og syner fram pengane sine der.

Førde- familien bretta seg til premie

Han er klar for meir fyll i lommeboka og borna trur nok pengane skal få bein å gå på.

Kartongbretting i familien starta med at skuleklassa til Aron bretta mjølkekartongar og deltok i returkartong-lotteriet. Det førte til at familien tok til å gjere det same heime.

Mamma Hilde Rygg synest det er stas med pengane, men seier familien ikkje har så veldig store planar om kva dei skal gå til.

– Dei forsvinn nok inn i det store sluket, ler ho.

714 mill. drikkekartongar årleg

Kvart år brukar vi om lag 714 millionar drikkekartongar i Norge. I gjennomsnitt betyr det at kvar nordmann må kvitte seg med ca. 140 kartongar årleg. Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997 og blir administrert av Grønt Punkt Norge.

Familien i Førde synest det er fint å gjere noko bra for miljøet, sjølv om mamma Hilde ikkje trur at dei er så veldig mykje meir miljøbevisste enn gjennomsnittet.

– Men vi skulle gjerne sett at det var meir moglegheit for å sortere bosset vårt enn det er her i Førde i dag, seier ho.

Artikkeltags