Karoline og Håvard får gå i EM

EM-KLARE: Førde-løparane Håvard Gutubø Bogetveit og Karoline Erdal er begge klare for skiskyttar-EM denne månaden.

EM-KLARE: Førde-løparane Håvard Gutubø Bogetveit og Karoline Erdal er begge klare for skiskyttar-EM denne månaden.

SKISKYTING: I tillegg er Tarjei Bø i EM-troppen.

DEL

Norges skiskytterforbund har teke ut troppen til Europameisterskapen i Minsk 18.-24. Februar.

Her finn ein dei to Førde-løparane Karoline Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit.

Meir overraskande er det at Tarjei Bø er å finne i mennenes tropp.

I tillegg til Europameisterskapen som uttaket no er til, er det nemleg også VM i skiskyting i mars. Dette blir arrangert i Östersund i Sverige fra 7. til 17. mars. Då står det att å sjå om Markane-løparen blir å finne også i denne troppen. Her er uttaket enno ikkje gjort klart.

Fram til det er det difor EM som gjeld.

Her kan du sjå det komplette uttaket til EM:

Menn:

Tarjei Bø,Markane IL
Sindre Pettersen,Nittedal SSL
Fredrik Gjesbakk,Bossmo & Ytteren IL
Håvard Gutubø Bogetveit,Førde IL
Tore Leren,Vingelen IL
Endre Strømsheim,Bærums Skiklubb

Kvinner:

Karoline Knotten, Vingrom IL
Karoline Erdal, Førde IL
Eline Grue, Kvikne IL
Jenny Enodd, Budal IL
Ragnhild Femsteinevik, Hålandsdal IL

I tillegg vil ei sjette jente bli teken ut til EM-laget i løpet av dei neste dagane.

Artikkeltags