Infeksjonsutbrot i Førde

Kommunelege 1 i Førde Øystein Furnes.

Kommunelege 1 i Førde Øystein Furnes. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Kommuneoverlege Øystein Furnes åtvarar om ei ny oppblomstring av sjukdommen mycoplasma.

DEL

Fastlegane i Førde har fått inn uvanleg mange pasientar med mycoplasmainfeksjon i det siste. Det fortel kommuneoverlege Øystein Furnes, som har vald å sende ut epost til alle skular og barnehagar i Førde, der han åtvarar om sjukdommen.

Han kan forsikre om at sjølv om namnet høyrest skummelt ut, er ikkje mycoplasmainfeksjon nokon farleg sjukdom. Det er vanleg at ein får ei oppblomstring av slike sjukdommar på hausten og vinteren. Likevel kan dei som blir smitta få ein del plager.

Hoste i tre–fire veker

– Dei som blir sjuke blir gjerne slappe, får hovudverk, feber og ei plagsam tørrhoste. Hosten kan henge lenge i, og infeksjonen fører i nokre tilfelle til lungebetennelse. Då kan antibiotika virke, men i 90 prosent av tilfella går infeksjonen over av seg sjølv. Det er ofte ei lang tid med symptomplage, særleg for hosten, som kan vare i tre–fire veker, seier Furnes. 

Mycoplasmainfeksjonen er bakteriell, og smittar via nærdrope- og kontaktsmitte. Med andre ord må ein i utgangspunktet vere i nær kontakt for å bli smitta.

Hovudsakleg er det barn under 15 år som vert smitta, men under ei oppblomstring er det også ein del vaksne som får infeksjonen. Førebyggjande tiltak er ifølgje Furnes god handhygiene og god hostehygiene.

Sjuke elevar

Rektor ved Slåtten skule, Turid Irene Hatlem, kan fortelje at dei kan merke at det er ein bakterieinfeksjon ute og går.

– Vi har ein del elevar som har vore sjuke, og vekke over tid. I nokre klassar er ein til fem elevar borte. Etter at vi fekk informasjon frå kommuneoverlegen har eg informert dei tilsette, og lagt ut informasjon på skulen sine heimesider, seier Hatlem.

Ho fortel vidare at skulen alltid prøver å ha fokus på god handhygiene, og at det er lagt til rette med vask i klasseromma. Etter meldinga om mycoplasmainfeksjonen kom, oppfordrar ho også foreldra om å prate med barna sine om hygiene.

– Påfallande mange sjuke no

Ifølgje kommuneoverlege Øystein Furnes har fastlegane i Førde fått inn mange pasientar med mycoplasmainfeksjon.  

– Ut ifrå dei meldingane vi får inn no, kan vi sjå teikn til ei ny stor oppblomstring. Det er påfallande mange som er sjuke nå, seier Furnes.

Ein må tilbake til 2011 for å finne den siste store nasjonale epidemien av mycoplasma.

Artikkeltags