Måtte legge mann i handjern for å frakte han i ambulansen

Mannen var overstadig rusa.

DEL

Klokka 01.00 natt til søndag bad ein ambulanse i Førde sentrum om hjelp frå politiet.

– Dei skulle hente ein svært full, kranglete og vanskeleg kar. Men han var ikkje samarbeidsvillig i det heile, så vi blei kontakta, seier politioverbetjent Gunnar Englund ved lensmannskontoret i Førde til Firda søndag morgon.

Enden på visa var at mannen i 20- åra blei lagt i handjern og plassert på båre i ambulansen. Men framleis var mannen vanskeleg, og dermed måtte politiet vere med i ambulanse og opp til sjukehuset, seier Englund.

Artikkeltags