Kommunen: Klipp hekken din før skulestart!

TA GREP: Førde kommune ber innbyggjarane sine om å klippe all vekst i hagen som hindrar sikt.

TA GREP: Førde kommune ber innbyggjarane sine om å klippe all vekst i hagen som hindrar sikt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Om hekken eller busken i hagen din hindrar sikta, må du klippe den.

DEL

Det melder Førde kommune på si heimeside.

– Vi ser at det har vore god vekst allereie på private hekkar og busker. Dei mjuke trafikantane blir ikkje synlege i alt det grøne, skriv kommunen.

Snart startar skulekvardagen att, og kommunen minner folk om å sjå til at hekkar og busker på eigedommane ikkje hindrar frisikta. Det kan nemleg føre til trafikkfarlege situasjonar.

– Vi ber deg om å klippe hekken og buskene dine inn mot vegen, slik at både bilar, syklistar og fotgjengarar kan ferdast trygt, skriv Førde kommune. 

Artikkeltags