Slit med å finne parkeringsløysing i sentrum sør – ser på parkeringshus på Utstillingsplassen

KAN BLI LØYSINGA: Odd Harry Strømsli, byggsjef i Sunnfjord kommune, stadfestar at det blir jobba med at Utstillingsplassen kan vere aktuell for parkeringshus i Førde. Her frå parkeringsplassane ved Utstillingsplassen/Festplassen.

KAN BLI LØYSINGA: Odd Harry Strømsli, byggsjef i Sunnfjord kommune, stadfestar at det blir jobba med at Utstillingsplassen kan vere aktuell for parkeringshus i Førde. Her frå parkeringsplassane ved Utstillingsplassen/Festplassen. Foto:

Byggesjef Odd Harry Strømsli bekreftar at det er snakk om eit parkeringshus med p-plassar i kjellar, på bakkeplan og på taket på Utstillingsplassen.

DEL

– Vi har funne eit alternativ som vil sørve sentrum sør på ein god måte, og som vil vere eit godt første steg når det gjeld å løyse parkeringsutfordringane som er i Førde. Det er snakk om parkeringsplass i kjellar, på bakkeplan og tak, seier Odd Harry Strømsli, leiar for areal og byggesak i Sunnfjord kommune.

Torsdag blir rapporten presentert for politikarane i Sunnfjord kommunestyre. Aktuell plassering for parkeringshuset skal vere på Utstillingsplassen.

Set sentrum sør på vent

Norconsult fekk eigentleg i oppgåve å greie ut ulike løysingar for parkering i sentrum sør, mellom anna parkeringshus eller parkering i fjellhall. Både den kommunale tomta ved lensmannskontoret og ved Cirkle K, og fjellhallalternativet ved Langebruvegen er alle blitt vurderte.

– Norconsult såg tidleg at området sør for Fjellvegen ikkje toler meir belastning, forklarer Strømsli, som dermed såg det som uaktuelt med tiltak som ville ha gitt meir trafikk i området.

Ei løysing som kunne vore aktuell er ein kulvert under Fjellvegen, E39, som bind saman parkeringshall i Hafstadfjellet og parkeringsanlegg ved til dømes den kommunale tomta ved Circle K.

– Då belastar ein nordsida av Fjellvegen i staden for sørsida. Der er det kanskje nokre moglegheiter, utan at dei har greidd det ut noko vidare.

Odd Harry Strømsli, leiar for byggjesak og arealforvaltning i Sunnfjord kommune.

Odd Harry Strømsli, leiar for byggjesak og arealforvaltning i Sunnfjord kommune. Foto:

Løysingane i sentrum sør blir no sette på vent fram til alternativet på Utstillingsplassen er vurdert.

– Viss politikarane er einige med oss om den nye plasseringa av parkeringshus, så kjem vi ikkje til å jobbe noko særleg meir med desse her prosjekta her i sentrum sør. Vi har vore i dialog med sentrum sør, og dei har sjølv peika på at det finst andre område i sentrum som også eignar seg og kan vere til nytte for dei i sentrum sør.

Vil ha permanent løysing

I oktober i fjor lanserte fleire i grunneigarar i sentrum sør asfaltering av Utstillingsplassen som ei kortsiktig løysing på parkeringsproblema.

– Har de sett på dette?

– Vi kjenner godt til det, men vi jaktar på ei permanent løysing. Eit parkeringshus kostar mykje, pengar som Sunnfjord kommune må finne. Det er godt mogleg at det kan bli ei løysing i ein mellomfase, men det vi prøver no, er å finne den permanente løysinga, seier Strømsli.

Framtidig parkering vil uansett skje i høgda:

– Vi kan ikkje rulle ut asfalten lenger, vi er nøydde til å stable bilane, seier Strømsli.

Ifølge byggesjefen vil utgreiinga vere ferdig i løpet av januar.

I BRUK I DAG: Utstillingsplassen blir allereie brukt som parkering.

I BRUK I DAG: Utstillingsplassen blir allereie brukt som parkering. Foto:


Artikkeltags