Skal ordne opp på fylkesveg i Førde - sjåførane må bu seg på å vente

DEL

Det blir vegarbeid på fv. 5685, tidlegare fv. 485 Kråkenes på strekninga Stranda- Furevika i Førde kommune frå onsdag 30. oktober og fram til fredag 1. november.

Arbeidet går føre seg frå 09.00 og fram til 21.00. Årsaka er at det skal støypast plasstøypt betongrekkverk på vegen, og den blir difor stengt i periodar.

Opningstider vil vere kl.: 12:00, 14:00, 16:00, 18:00 og 20:00.

Rutegåande transport og utrykkingskøyretøy får sleppe forbi, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags