Har hatt over 60 oppdrag dei siste to dagane

HEKTISKE DAGAR: Etter at snøen og glatta kom, har Førde Bilberging og dagleg leiar Arild Tistel hatt mykje å gjere. Over 60 oppdrag blei det i løpet av tysdag og onsdag. 

HEKTISKE DAGAR: Etter at snøen og glatta kom, har Førde Bilberging og dagleg leiar Arild Tistel hatt mykje å gjere. Over 60 oppdrag blei det i løpet av tysdag og onsdag.  Foto:

FØRDE: Arild Tistel og kollegaene i Førde bilberging jobbar på spreng, men fryktar for sjåførar som ikkje bremsar ned.

DEL

Like sikkert som at snøen og glatta kjem, får dei tilsette i Førde Bilberging hendene fulle med å redde uheldige sjåførar.

– Både tysdag og onsdag hadde vi over 30 oppdrag kvar av dagane, seier dagleg leiar Arild Tistel.

Men torsdag har så langt ikkje vore like ille, og ifølge Tistel har dagen starta roleg.

– Har føret blitt betre, eller er det sjåførane som er meir stødige?

– Det er nok ein kombinasjon. Føret er definitivt betre i dag, men vi ser også at etter nokre dagar med glatt føre, blir folk vant med det.

Ifølge bilbergaren har dei over 60 oppdraga tysdag og onsdag ikkje vore blant dei største.

– Onsdag var det ein brøytetraktor i Førde som sklei av vegen og måtte ha hjelp. Elles har det vore ein del grøftekøyringar, litt småkollisjonar og bilar som har sklidd av vegen etter at dei har parkert.

Tistel ber folk køyre forskitig, men har også ei anna oppmoding han ber folk ta med seg:

– Når du ser folk som jobbar langs vegane, set vi veldig pris på at du senkar farten. Mange er ikkje flinke nok til å bremse ned når dei passerer, og fleire har litt for høg fart. Jo høgre fart dei har, jo farlegare lever vi. Eg ser også at farten til sjåførarane har auka dei siste åra.

Artikkeltags