Statens vegvesen hadde torsdag kveld kontroll på E39 ved Førde Trafikkstasjon. 138 tungtransportar var kontrollerte, og 13 av dei vart kontrollert nærare.

Den eine sjåføren av eit vogntog blei meld for å ha grove manglar på bremsane. Tilhengaren mangla brems på tre av seks hjul, bremsearmane var knekte av og to av akslingane var heilt lause.

Langt under minimumskravet

– Det er veldig farleg. Bremsene er meint å ha nok kraft til å kunne stogge tilhengarens eiga vekt. Her var bremsekrafta så låg at trekkbilen måtte gjere heile bremsejobben, seier Svein Ove Salt, inspektør i Statens vegvesen.

Dette hadde ifølgje inspektøren vore endå farlegare om vogntoget måtte naudbremse. Salt fortel at manglane dei avdekka, gjorde til at det var null bremsekraft på tre av seks hjul.

Artikkelen held fram under bildet.

Vegvesenet måler bremsekraft utifrå ein utrekna faktor, kalla «zt». Her er minimumskravet for å kunne køyre 0,45, og ein typisk toppverdi er 0,7 eller høgre. Salt fortel at verdien i kontrollen vart målt til 0,2.

– Når ein gjer funn så lågt under minimumskravet som dette, då er det ikkje berre køyreforbod. Då er det melding også, seier Salt.

– Kor lang distanse hadde vogntoget att å køyre med desse bremsemanglane, om det ikkje hadde blitt oppdaga?

– Eg vil ikkje seie køyreruta, men den hadde eit ganske langt strekning å legge bak seg nordover, langs Vestlandet, svarar Salt.

Bot for overlast

Eit køyretøy fekk bruksforbod og måtte betale over 5000 kroner i bot på grunn av overlast.

Også tre andre lastebilsjåførar fekk bruksforbod. Ein sjåfør fordi det mangla utstyr som skal vere med under transport av farleg gods. Ein anna på grunn av manglande sikring av last, og den siste fordi bilen hadde eit overheng som var større enn tillate.

Ein førar fekk også skriftleg åtvaring som ein følge av brot på køyre og kviletidsreglane.