Synes du din by er spesiell?

Du kan sørge for at byen din blir den mest attraktive i Norge.

Regjeringa vil vite kva du set ekstra pris på i din by.

Regjeringa vil vite kva du set ekstra pris på i din by. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Prisen «Attraktiv by» vert i år delt ut for tredje gang.

– Vi fekk inn nesten 400 nominasjonar i fjor, og det vitnar om eit stort engasjement. Lokalpolitikarar, byplanleggarar og administrasjonen i kommunane har stor kunnskap om byutvikling. Folk flest er opptatt av byar som har gode byrom og er miljøvennlege, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Mest i Europa

«Attraktiv by» er statens pris for berekraftig by- og stadsutvikling. Høgre-statsråden har stor tru på å løfte fram eksempel som kan inspirere andre.

– Mange av dei norske byene er blant dei som veks mest i Europa, og då må vi sørge for at vi har gode byrom og betrar bukvaliteten både for innbyggarane og dei som besøker byane, seier Sanner, som også er opptatt av å redusere klimautslepp.

Derfor understrekar han viktigheita av å bygge rundt knutepunkt for kollektivtrafikk og bevare grøne område og parkar i område der folk bor.

– Kombinasjonen av desse ulike verkemidla gjør at byene blir meir attraktive, seier han.

Utvikling smittar

Sanner bruker Trondheim som eksempel. Byen fikk i 2015 prisen fordi sjukehuset hadde blitt ein grøn del av byen.

– Vi som rikspolitikarar må i større grad vere ansvarlige for at statlege bygg vert lokaliserte sentralt i byane, peikar han på.

Byar i positiv utvikling smittar. Engasjerte lokalpolitikarar og byplanleggarar reiser til andre byar for å sjå på dei gode eksempla. I mange år blei det snakka om at Drammen kommune hadde skapt nytt liv i sentrum og gjort byen til ein attraktiv stad å bu..

– Mange bypolitikarar reiste til Drammen for å sjå kva byen hadde fått til, seier han.

Folk flest er opptatt av byer som har gode byrom og er miljøvennlige.

Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsminister (H)

Plankebyen

Kommunalminister Jan Tore Sanners (H) kommunereform møter motbør blant landets lokalpolitikere.

Kommunalminister Jan Tore Sanners (H) kommunereform møter motbør blant landets lokalpolitikere. (Foto: )

Sanner løfter fram Fredrikstad som eit aktuelt forbilde.

– Byen har fått eit betre sentrumsliv og sørgde for at stengde butikklokale er opna igjen. Det er blitt lagt til rette for både gåande og syklande, seier Høyre-statsråden, som synest byene generelt er blitt flinkare til å tenke meir langsiktig.

– Det handlar ikkje lenger så mye om berre å bygge ei blokk eller eit kjøpesenter, men om å utvikle hele kvartal, seier han.

Nå kan du fram til 17. mars si kva du meiner er gjort for å skape liv og trivsel i din by. Alle kan nominere kandidatar ved å skrive forslag direkte på attraktivby.no eller å gå inn på Kommunaldepartementes Facebook-side. (ANB)

Artikkeltags