Steinras ved Heilevang

STEINRAS: Det har vore steinras ved Heilevang på fylkesveg 609. Entreprenør er på plass for å fjerne steinane.

STEINRAS: Det har vore steinras ved Heilevang på fylkesveg 609. Entreprenør er på plass for å fjerne steinane. Foto:

Like før kl. 10.00 måndag føremiddag fekk politiet melding steinras ved Heilevang på fylkesveg 609.

DEL

– Det har kome melding om at det har falle ned to store steinar i vegen. Det skal ikkje vere nokre bilar som er treft. Entreprenørar er på veg ut for å vurdere vegen, seier Joakim Malterud, innsatsleiar i Førde.

Statens vegvesen opplyser kl. 10.15 at entreprenøren er på plass og skal fjerne steinane.

– Folk kan køyre. Det er ikkje så mykje nedbør no, så det er ikkje noko som tilseier at vi må stenge vegen, ifølge operatøren. Det seier trafikkoperatør, Roger Nedberge Hille.

Artikkeltags