Slik såg bjelkane på vogntoget ut då det vart stoppa i Førde. Det fekk ikkje køyre vidare

SPROKNE: To av tverrbjelkane i hovedramma på bilen som fekk køyreforbod var sprokne.

SPROKNE: To av tverrbjelkane i hovedramma på bilen som fekk køyreforbod var sprokne.

139 køyretøy var innom tungbilkontrollen på trafikkstasjonen i Førde på onsdag. Det vart dyrt for mange.

DEL

Eit vogntog hadde manglar på brems, bremsebelegg og fjørbrems. I tillegg var to tverrbjelkar i hovudramma sprokne. Dermed var det bom stopp for den bilen. Den fekk ikkje køyre vidare.

Kontrollen vart halden ved Førde trafikkstasjon, som ligg ved E39.

To andre førarar fekk gebyr for overlast, og ein fekk gebyr for manglande bombrikke, melder Statens vegvesen.

Brot på køyre- og kviletid

Ein vogntogførar fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglane.

I tillegg vart det delt ut gebyr for ikkje å bruke bilbelte, det vart skrive bruksforbod for manglande leigekontrakt, og peika på fleire mindre avvik.

BELEGG: Køyretøyet fekk mangel på bremsebelegg.

BELEGG: Køyretøyet fekk mangel på bremsebelegg. Foto:

Artikkeltags