Køyrde umerkt lastebil med 5300 kilo farleg gods – utan lovleg førarbevis

FØRDE: Statens vegvesen har hatt kontroll av tunge køyretøy i Førde. Der avdekka dei mykje ulovleg.

DEL

Eitt køyretøy og føraren av det hadde gjort det meste gale. Køyretøyet var ikkje merkt, og sjåføren hadde ikkje kompetansebevis på ADR, og dermed ikkje lov til å køyre farleg gods. Transporten inneheldt 5300 kilo farleg gods.

Transportfirmaet som eig bilen vert politimeldt for ulovleg transport av farleg gods. Føraren blir også politimeld, for å køyre utan kompetansebevis.

I tillegg skreiv Statens vegvesen ut fleire store gebyr. Det eine, på 8000 kroner til eit transportfirma for manglande bombrikke. Eit køyretøy fekk bruksforbod på grunn av teknisk overlast, og to køyretøy fekk bruksforbod og gebyr for overlast på til saman 9850 kroner.

Ein førar fekk gebyr på 1000 kroner for manglande kjetting.

Men Statens vegvesen hadde også ei positiv oppleving under kontrollen. Då dei sjekka bilbeltebruken på ein ekspressbuss – kunne dei konstatere at alle brukte belte.

Artikkeltags