Kontroll i Førde: Stoppa lastebil med glovarmt bakhjul

Over halvparten av køyretøya som vart kontrollerte hadde ikkje alt på stell.

DEL

Statens vegvesen hadde trafikkontorl på E39 Langeland på onsdag. Totalt var 41 køyretøy innom kontrollplassen og av dei vart 29 kontrollert nærare.

I alt fekk ni køyretøy bruksforbod.

Varmgang i bremsene

Ein av dei fekk bruksforbod for varmgang i bremser. Når køyretøyet kom inn på kontrollplassen etter å køyrt nokre få kilometer, var temperaturen på høgre bakhjul rundt 450 grader.

Ein anna førar køyrde med ein tilhengar som mangla alle lys bak, medan eit anna køyretøy hadde manglar med dokument som skal følge med under transport av farleg gods.

Seks køyretøy fekk bruksforbod på grunn av manglar med sikring av lasta.

Skreiv ut gebyr

I tillegg fekk elleve køyretøy skriftleg teknisk mangel, i hovudsak på grunn av manglar ved lysa.

To førarar må punge ut 750 kroner for utslitne dekk, medan ein anna fekk 500 kroner i gebyr for manglande dokument.

Artikkeltags