Frustrerte over parkeringskaos

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Villparkeringa rår i Førde, seier Inge Johan Kirketeig.

DEL

Når bussjåførane skal hente elevane utanfor Førdehuset, fører ulovleg parkerte bilar til kaos og problem for bussjåførane.

For der ser privatbilistar sitt snitt til å parkere både i svingen og langs fortauet, der bussane skal ta oppstilling.

– Det står store skilt; parkering forbode, og vi ventar buss. Men dei bryr ikkje seg om dei i det heile teke. Ein dag stod der ein Magne Hafstad-markert bil, og ein frå Statens vegvesen. Dei stod midt i vegen for oss, slik at vi må parkere dobbelt, seier bussjåfør Inge Johan Kirketeig.

REAGERER: Bussjåfør Inge Johan Kirketeig i Firda Billag reagerer på ulovleg parkering ved Førdehuset og vedfleire skular som skaper trafikkfarlege situasjonar for born og unge, samt mykje frustrasjon for bussjåførane.

REAGERER: Bussjåfør Inge Johan Kirketeig i Firda Billag reagerer på ulovleg parkering ved Førdehuset og vedfleire skular som skaper trafikkfarlege situasjonar for born og unge, samt mykje frustrasjon for bussjåførane. Foto:

Uvisse og risiko for skade

Også trafikksjef i Firda Billag, Frode Romarheim, er oppgitt over situasjonen.

– Når folk parkerer i svingen, så får sjåførane problem med å kome rundt svingen, og det kan lett føre til skade på både bussar og privatbilar, seier Romarheim.

Når elevane skal heim er det åtte til ti bussar som skal hente borna.

For å gjere det lettare for dei minste elevane å finne bussen dei skal på, skal bussane ha fast oppstilling.

– Når vi ikkje får stå på dei faste plassane våre, blir dei minste elvane i uvissa, seier Kirketeig.

I staden må bussane parkere i vegen, i køyrebana der det skal vere ope for andre bilistar. Dette skaper ytterlegare problem for dei bilane som har parkert der dei skal, nemleg på parkeringsplassen:

– Bilane på parkeringsplassen blir parkerte inne, og blir nøydde til å vente til bussane skal køyre. Dei forventar kanskje at vi kan flytte på oss, men det kan vi ikkje – for vi må jo gjere jobben vår, seier Kirketeig, som ikkje kan køyre før skuleruta går klokka 14.40.

– Men også på dagtid når elevar skal skyssast med buss til Førdehuset for å ha symjing, skapar dei ulovleg parkerte bilane på fortauet og i svingen problem, seier Romarheim.

Etterlyser handling frå politiet

– Det eg synest er forferdeleg underleg, det er kvifor politiet ikkje tek seg ei runde bort og ser på dette av og til? Kvifor får aldri nokon ei parkeringsbot i Førde? Det skjer jo ikkje lenger. Folk kan parkere nett kor dei vil, det spelar ingen rolle. Det får ingen konsekvensar, seier Kirketeig, og legg til at han er frustrert over situasjonen.

Ifølgje han er det ikkje berre ved Førdehuset ukulturen rår når det gjeld ulovleg parkering. Også på busslommene ved Halbrend skule, Flatene skule og Slåtten skule står det ofte bilar parkert som slett ikkje har lov til å stå der.

– I tillegg står det ofte bilar i begge busslommene ved Førde rådhus, med det resultat at vi må stå midt i vegen – noko som skaper trafikkfarlege situasjonar.

Oppfølging: Dette seier politiet: Vil sjå på ulovleg parkering

Artikkeltags