Droppa utgreiing av E39-kryss, det godtek ikkje vegvesenet

TEMA: Dette er vegkrysset som Statens vegvesen meiner Førde kommune må greie ut før dei tek godkjenner det nye bustadfeltet i Gravdalsholten. Traileren svingar her inn i krysset frå E39. Vegen mot industriområdet og det framtidige bustadfeltet er armen mot venstre.

TEMA: Dette er vegkrysset som Statens vegvesen meiner Førde kommune må greie ut før dei tek godkjenner det nye bustadfeltet i Gravdalsholten. Traileren svingar her inn i krysset frå E39. Vegen mot industriområdet og det framtidige bustadfeltet er armen mot venstre. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Eit stort bustadfelt i Gravdalsholten vil doble trafikken, men kommunen droppa å greie ut konsekvensane for E39-krysset.

DEL

– Det kan kommunen ikkje gjere, fastslår Statens vegvesen i ein uttale til detaljreguleringsplanen for det planlagde bustadfeltet med 120 bueiningar i som no har vore ute på høyring.

Ut på høyring

Bakgrunn: Her kan Førde ha løyst sitt store bustadproblem 

Gravdalsholten får tilkomst frå E39 på Reset, og ved planoppstart var eit større område ved vegkrysset inne i planen. Rådmannen peika i si tilråding til planutvalet på at konsekvensane av dette m.a. ville omfatte buslomme langs E39.

– Kommunen har komme til at desse tiltaka ville krevje utgreiingar som ikkje kan påførast planarbeidet. Rådmannen rår difor til å legge planframlegget ut på høyring utan kryss til E39, skreiv rådmannen i si tilråding som planutvalet samrøystes slutta seg til.

Krysset får ny trafikk

Gravdal sitt prosjekt under Gravdalsholten

Gravdal sitt prosjekt under Gravdalsholten Foto:

I uttalen sin i høyringsrunden viser Statens vegvesen til at det ikkje har betyding for saka at kryssområdet er utelate frå planområdet.

– Krysset med E39 vert like fullt tilført nyskapt trafikk som følge av bustadetableringa, og konsekvensane av dette skal gjerast greie for i plansaka. Det er slik i denne saka, og er avklart praksis i tilsvarande saker, skriv seksjonsleiar Vigdis Lobenz.

Ho meiner at kommunen med sin framgangsmåte i realiteten godkjenner ei løysing med fråvik frå juridisk bindande krav i vegnormalane. Normalkrav i slike tilfelle er til dømes etablering av trafikkøy i sideveg og kanskje venstresvingfelt.

– Det er Regionvegkontoret og Vegdirektoratet som har mynde til å fråvike krav i handboka, ikkje kommunen, påpeikar seksjonsleiaren.

Ifølge utbyggaren av Gravdalsholten, Gravdal Prosjektutvikling AS, vil årsdøgntrafikken i krysset på Reset auke frå 500 i dag til 1000 køyretøy.

På E39 er årsdøgntrafikken i dag nærmare 5000 køyretøy, ifølge Vegvesenet. Fartsgrensa på E39-strekninga er 70 km i timen. Mykje tungtrafikk går både på E39 og inn mot Holtemyrane der slakteriet ligg.

Må greie ut konsekvensane

Til Firda seier Lobenz at kommunen må greie ut kva konsekvensar bustadfeltet vil få for vegkrysset med E39.

– Dei må sjå på trafikken og kva som skal til for at krysset skal fungere og at løysingane er i samsvar med vegnormalen. I den er det mange krav. Greier ein ikkje å forme ut krysset i samsvar med vegnormalen, må kommunen søke om fråvik, seier Lobenz.

Ho konstaterer at det er kommunen som no har ballen, men ser det som naturleg at kommunen tek ein ny reguleringsprosess om dei vil endre noko i forhold til reguleringsplanen som no var ute på høyring.

– Vi ønsker ikkje å vere stivbeinte, men vår jobb er å sjå til at vegnormalen vert følgt, seier Lobenz.

– Blir i verste fall ei utsetting

Rådmann Ole John Østenstad seier problemstillinga er kjent, men at dei har vurdert at ei utgreiing av vegkrysset ikkje var nødvendig.

– Vi må no gå gjennom dette og alle dei andre innspela til reguleringsplanen. Anten gjer vi justeringar, eller så må planen ut på ny høyring, seier rådmannen.

– Kan dette bety ei utsetting for bustadfeltet?

– Ja, i verste fall om det er slik at vi må gjere nye utgreiingar, men eg håpar vi skal klare å handtere planen utan å seinke prosjektet.

– Kven vil måtte betale for ei utbygging av vegkrysset?

– I utgangspunktet er det utbyggar som må betale for arbeid i feltet. Men utgreiingar i reguleringsplanprosessen kan det vere at kommunen er nøydd til å ta. Idet ein privat plan vert sendt over til kommunen, er det kommunen som har den formelle behandlinga, seier Østenstad.

Artikkeltags