Byggjer 850 meter gangveg langs E39. Mesta slår ut lokale entreprenørar

Mesta har det klart lågaste pristilbodet på gang- og sykkelveg frå Farsund til Kusslia i Førde. Slår ut lokale entreprenørar.

DEL

– Anleggsarbeidet vil truleg starte i oktober og stå ferdig hausten 2020, opplyser prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tryggare skuleveg

Statens vegvesen skal bygge 850 meter gang- og sykkelveg langs E39 mellom Farsund og Kusslia nordaust for Førde sentrum.

– Prosjektet skal gjere denne strekninga på E39 tryggare for gåande og syklande, spesielt for born som skal til Sunde skule, uttalar Fjellkårstad.

I tillegg er dette eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Førde kommune, der kommunen skal legge nytt vatn- og avløpsanlegg i vegkroppen til gang- og sykkelvegen.

Prosjektet skal etter planen stå ferdig hausten 2020, og då blir det samanhengande gang- og sykkelveg frå Kusslia til Førde sentrum.

Skal kontrollrekne først

Det har kome inn fire tilbod på prosjektet.

Mesta AS er klart billegast med eit tilbod på 23,920 millionar kroner. Hith Himle Entreprenør AS frå Voss vil gjere jobben for 26,301 millionar kroner, og Førde-entreprenørane Magne Hafstad AS og Entreprenørservice AS sine tilbod er på høvesvis 26,977 millionar og 34,191 millionar kroner.

No skal Vegvesenet kontrollrekne tilboda og sjekke at all dokumentasjon er lagt ved, før ei tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

Artikkeltags