– Biltilsynet brukar leikeverktøy i testane sine

HELD IKKJE MÅL: Roy Valvik i Norsk Motor Import AS, synest ikkje biltilsynet i Førde har god nok kompetanse på motorsyklar og mopedar.

HELD IKKJE MÅL: Roy Valvik i Norsk Motor Import AS, synest ikkje biltilsynet i Førde har god nok kompetanse på motorsyklar og mopedar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Måten mopedane blir testa på av biltilsynet, held ikkje mål.

DEL

Det meiner Roy Valvik i Norsk Motor Import AS i Førde, som importerer og distribuere mopedar.

Politiet og Statens vegvesen starta denne veka storaksjon mot mopedmiljøet i Førde etter mange klager på bråk og dårleg køyrestil. Etter kontrollen hos biltilsynet, var ungdom og foreldre kritiske til måten kontrollen blei gjennomført på.

Mellom anna skal kontrollørane ha nekta å vise ungdommane dokumentasjon på at tralla dei brukar for å sjekke om syklane er trimma, er kalibrert.

Les også: Tok affære mot mopedstøy og farleg køyring og Mopedkontroll i Førde vekker reaksjonar

– Dei brukar leikeverktøy

Roy Valvik er veldig kritisk til måten biltilsynet utfører slike hastigheitsmålingar på ved mopedkontrollar. Han meiner testmetodane deira ikkje følger EU sine direktiv for testing av hastigheit. Han syner fram ei oversikt med mange punkt der vegvesenet og EU-direktiva er ganske ulike.

– Til dømes er rulla biltilsynet i Førde brukar for å måle farten på mopedane, eit reint leikeverktøy som ikkje fungerer bra nok, hevdar Valvik.

Han seier at når dei importerer og får mopedar typegodkjent i Norge, har dei papir og dokumentasjon på kor fort dei går. Men når dei same mopedane blir testa på biltilsynet, viser dei høgre fart, sjølv om dei på vegen ikkje får høgre fart enn det dokumentasjonen viser. Årleg har firmaet mange slike klagesaker frå mopedeigarar frå heile landet som har fått trøbbel med biltilsynet.

– Har for lite kompetanse

– Dersom nokon av ungdommane som fekk køyreforbod eller blei avskilta på grunn av mistanke om trimming, men som meiner dei har sitt på det reine, kan dei komme hit og få dokumentasjonen dei treng frå oss, seier Valvik, og legg til at dette gjeld dei som har merke som firmaet hans importerer.

– Vi er veldig kritiske til biltilsynet sine kontrollprosedyrar og ser i mange tilfelle ein urovekkande mangel på kompetanse når det gjeld moped og motorsykkel.

Valvik er samd med politiet i at tullekøyring og unødig støy ikkje er bra.

– Men kua må heller ikkje gløyme at den er kalv. 

Biltilsynet avviser kritikken 

Arild Bruflot, inspektør i Statens vegvesen, seier dei følger instruksane frå vegdirektoratet når det gjeld måleutstyr.

– Vi bruker måleutstyret som direktoratet seier vi kan bruke. Utstyret er kalibrert etter fabrikanten sine anvisningar.

Valvik meiner at måleutstyret vegvesenet brukar viser feil fart på mopedane. Dette kan ikkje Bruflot kommentere og syner til vegdirektoratet.

– Men vi bruker det utstyret som direktoratet seier vi kan bruke, seier Bruflot.

– Valvik meiner biltilsynet har lite kompetanse på mopedar og motsykkel, kva tenker du om det?

– Vi har folk som har jobba med dette lenge og som har fagbrev, så kompetanse har vi.

Artikkeltags