Tokki Thairestaurant i Førde har søkt om skjenkeløyve

NYTT TILBOD: Frå venstre Sommai Inthasen, dagleg leiar Eleah Josefine N. Noor og eigar Tokki Inthasen på den nye thairestauranten i Førde. Dei håpar også å få med seg ein sushikokk frå Thailand på laget.

NYTT TILBOD: Frå venstre Sommai Inthasen, dagleg leiar Eleah Josefine N. Noor og eigar Tokki Inthasen på den nye thairestauranten i Førde. Dei håpar også å få med seg ein sushikokk frå Thailand på laget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Vi får ofte inn folk som spør om vi serverer øl til maten, seier dagleg leiar Eleah Josefine Noelle Noor.

DEL

Den nystarta restauranten Tokki Thairestaurant i Førde har søkt til kommunen om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe ein og to. Dette betyr alkohol opp til 22 prosent, som kan vere cider, øl og vin.

Håpet er at skjenkeløyvet kan trekke fleire folk til restauranten.

– Det er i utgangspunktet søkt om fordi folk har etterspurt alkohol til maten, men det kan og vere med på å få fleire inn dørene både i vekedagane og helg, seier dagleg leiar Eleah Josefine N. Noor.

Gode tilbakemeldingar

No har restauranten vore open i seks dagar. Eigar av restauranten, Tokki Inthasen, melder om gode tilbakemeldingar frå publikum.

– Det er mange av dei som er innom oss, som stoppar opp og slår av ein prat. Vi får mykje fine tilbakemeldingar på maten, og fleire seier at Førde hadde behov for ein slik type restaurant, seier Inthasen.

Hittil har dei hatt bra med besøk kvar dag. Ifølgje både Inthasen og Noor er det på kveldstid det er størst trykk.

– Det er fleire som kjem hit og et middagen sin, smiler Noor.

Hyrer sushikokk

Dei satsar friskt for å få restauranten til å bli populær.

– No har eg nett vore på politistasjonen og signert ein del papir. Vi jobbar med å hente inn ein svært god sushikokk frå Thailand, strålar Tokki.

Ho har fleire gonger besøkt kokken i Thailand og testa maten hans, og ho er overbevist om at han vil gjere seg i hennar restaurant i Førde.

– Eg kan ikkje stå og lage alt dette åleine. Eg treng ein dyktig kokk som kan ta noko av ansvaret, seier Inthasen.

No blir det opp til UDI å bestemme om Førde får ny sushikokk frå Thailand. 

Artikkeltags