Pinsemeinigheit kjøper tomt

Tomta ligg like aust for Hafstad vidaregåande skule (utanfor høgre bildekant).  Mellom tomteområdet og husa i bakgrunnen går E39 mot Hafstad.

Tomta ligg like aust for Hafstad vidaregåande skule (utanfor høgre bildekant). Mellom tomteområdet og husa i bakgrunnen går E39 mot Hafstad. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Førde Pinsemenighet vil kjøpe tomt i Hafstad bydel for å bygge forsamlingslokale.

DEL

Det vart bestemt på eit årsmøte i mars der dei fleste medlemane var møtte fram.

Det vart drøfta kor vidt meinigheita skulle gå til innkjøp av tomteareal som kunne høve til nytt forsamlingslokale, og det vart så godt som samrøystes vedteke å kjøpe to dekar som Førde kommune har sett av til trussamfunn i reguleringsplanen for Hafstad bydel, skriv leiaren, Audun Håland.

Det same området har vore aktuelt som moské, men dei planane er skrinlagde.

– Vi overtek arealet så snart dei nødvendige papira er ordna, skriv Håland som tidlegare har vore i kontakt med Førde kommune om kjøp av denne tomta.

Artikkeltags