Fekk biltrøbbel midt i rundkøyringa

PROBLEM: Ein bil (t.h) fekk problem i rundkøyringa ved Førde hotell.

PROBLEM: Ein bil (t.h) fekk problem i rundkøyringa ved Førde hotell. Foto:

DEL

Firda fekk fredag ettermiddag fleire tips om at to bilar stod i rundkøyringa ved Førde hotell, den eine oppå sjølve rundkøyinga, den andre i vegkanten.

Då Firda sin journalist kom til staden heldt tre personar på å jobbe på venstre side av bilen som stod i vegkanten.

– Det har ikkje vore noko krasj. Denne bilen hadde ein laus mutter, og måtte stoppe.

Den andre bilen stoppa for å hjelpe til.

Trafikken glei heile tida rett forbi.

Om lag klokka 17.20 køyrde begge bilane vidare.

Artikkeltags