50 arbeidsplassar kan hamne i Førde

PRESSEKONFERANSE:Sveinung Rotevatn (V), Olve Grotle (H) og Andre Skjelstad (V) presnterer nyhendet.

PRESSEKONFERANSE:Sveinung Rotevatn (V), Olve Grotle (H) og Andre Skjelstad (V) presnterer nyhendet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dei tilsette i NVE og Fredskorpset fekk klokka 13.00 i dag melding om at arbeidsplassar skal flyttast ut frå Oslo.

DEL

–  Regjeringa vel å sleppe denne nyhenda på ein pressekonferanse i Førde, og berre der. Skal eg vere litt optimistisk, så må eg vel ha lov til å seie at det er i alle fall ikkje negativt for oss, seier ordførar Olve Grotle.

NVE består i dag av om lag 600 tilsette, fordelt på eit hovudkontor i Oslo og fem regionkontor rundt om i landet. Eitt av dei ligg i Førde.

–  Tilsynsoppgåvene i NVE tel om lag 50 stillingar, og det er dei ein no gjer framlegg om å fordele utover på regionkontora, seier Grotle.

I så fall kan ein rekne med at om lag ti stillingar endar i Førde.

Skal greiast ut først

Fredskorpset sitt hovudkontor i Oslo tel 40 tilsette. Utanriksdepartementet skal innan første juni i år greie ut ei omlokalisering av Fredskorpset, som omfattar vurderingar av å lokalisere verksemda til Førde, Trondheim eller Stavanger, skriv Regjeringa i ei pressemelding.

Les kva direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar, meinar om det.

Nyhenda vart presentert på ein pressekonferanse i Rådhuset i Førde klokka 14.00 i dag.

Under pressekonferansen vil det og bli orientert om ein plan som skal leggast fram på fredag, ein generell plan for utflytting av statlege arbeidsplassar som Venstre og regjeringspartia har arbeoid med.

–  Denne planen er det Venstre fekk att for å støtte Regjeringa sitt framlegg til fastsetjing av inntektssystemet for kommunane. Eg er veldig glad for at vi i dag kan vise ein del av det Venstre har fått til, seier fylkesleiar og vararepresentant til Stortinget for Venstre, Gunhild Berge Stang.

– Det bles ein vind mot Førde

–  I pressemeldinga skriv Regjeringa at det er tre stader som er aktuelle for Fredskorpset, kor sannsynleg er det at det hamnar i Førde, Olve Grotle?

–  Det skal gjennomførast ei utgreiing, og det er ikkje endeleg bestemt kor det blir. Men eg føler at vi er i ein god posisjon, og kanskje må eg få lov til å seie at det bles ein vind i retning Førde. Vi kjem til å gjere det vi kan for at det endar med ei lokalisering i Førde.

–  Det vil jo bli veldig ubehageleg for deg og Høgre om det nærmar seg val, og det så viser seg –  etter alt dette –  at det ikkje blir Førde likevel?

–  Ja, det er slike tankar som Firda og sånne gjer seg. Men hvis eg er i det optimistiske hjørnet, så eg må eg vel ha lov til å tenke at det at det blir offentleggjort i Førde, i alle fall ikkje er negativt for oss.

–  I forhold til ein utgreiingsrunde og det at dei tilsette skal høyrast og alt det der, er det så langt som ein kan gå kva gjeld å ta noko på forskot?

–  Eg legg til grunn at Regjeringa køyrer ein skikkeleg og ryddig prosess etter dei reglar som gjeld, difor vil eg vente og sjå resultatet av det før eg konkluderer med noko som helst, men det er lov å være optimistisk.

Kan komme fleire

- Det kan komme fleire statlege arbeidsplassar enn dette til Sogn og Fjordane, sa Andre Skjelstad, stortingsrepresentant for Venstre, under pressekonferansen. Han er den som det siste halve året har jobba mest med planen Venstre og Regjeringa har for utflytting av statlege arbeidsplassar.

- Så langt har det vore godt representert med statlege arbeidsplassar sør i fylket, sa han og tenkte då på Hermansverk/Leikanger.

- Det vi legg fram i dag vil kunne styrke Førde-regionen, men vi vil i tillegg sjå på om det er råd å få flytta statlege arbeidsplassar til området rundt Eid. Dette vil komme fram i den vidare prosessen, sa Skjelstad, og varsla at det vil komme fleire nyhende i denne saka, både kva gjeld fylket vårt og andre delar av landet.

Skjelstad meiner Førde er ein god stad for lokalisering av Fredskorpset, m.a. grunna nærleiken til UWC i Fjaler.

Fredskorpset

Fredskorpset har totalt rundt 50 tilsette, med ei leiing på tre og seks representantar i Asia og Afrika. Hovudkontoret i Oslo har rundt 40 tilsette.

Fredskorpset er ein del av den statlege utviklingspolitikken, går det fram av nettsida deira.

 Fredskorpset ble oppretta i 1963 for å sende folk frå Norge, og blei endra i år 2000 for å drive med gjensidig utveksling. Stortinget set kvar år av penger i statsbudsjettet til at korpset skal gjøre jobben sitt. Oppdraget er å legge til rette for gjensidig læring og utvikling i verksemder  og lokalsamfunn. Korpset gir økonomisk støtte til organisasjonar og bedrifter som ønsker å utveksle medarbeidarar med ein annan organisasjon.

Om lag 400 organisasjonar og verksemder utvekslar unge menneske i samarbeid med Fredskorpset. Fysioterapeuter, ingeniørar, journalistar, designarar og unge aktivistar er døme på folk som byter plass på tvers av landegrenser. 

Gjennom å samarbeide med kvarandre, deler organisasjonane kunnskap og erfaringer. Et fredskorpssamarbeid utvidar perspektiv og endrer haldninger, meiner Fredskorpset.

Siden 1963 har omlag 8500 fredskorpsarar vore utveksa mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Utvekslinga kan også vere mellom utviklingsland.

Artikkeltags