Politiet ferska ti førarar for mobilbruk

Ein av dei stoppa førarane hadde seks prikkar frå før. Då rauk lappen.

DEL

Utrykkingspolitiet hadde torsdag ein åtferdskontroll i Førde sentrum. Det melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt på Twitter.

Resultatet var at ti personar fekk bøter for bruk av mobil medan dei køyrde. I tillegg vart ein person meldt til politiet grunna tal prikkar på førarkortet, og måtte sjå lappen ryke.

Einar Vereide i UP fortel til Firda at føraren hadde seks prikkar frå før. Og med to nye for mobil-lovbrotet, rauk lappen.

Artikkeltags