Gasslukt i Førde – naudetatane er på staden

UTRYKKNING: Både politi, ambulanse og brannvensenet er på plass.

UTRYKKNING: Både politi, ambulanse og brannvensenet er på plass.

Politi, ambulanse og brannvesenet er på staden i Hafstadvegen.

DEL

Klokka 19.17 melde politiet at dei rykker ut etter melding om mogleg propanlukt i området ved Gas Tech og Best Express i Førde.

– Det er enno uklart kva dette er. Både politi og brannvesenet er på staden for å undersøke dette, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

– Har fått melding om gass eller propanlukt

Innsatsleiar for brann, Bjørn Berge, fortel at dei har rykt ut etter meldingar frå forbipasserande.

– Dei har meldt om ei lukt av gass eller propan, seier Berge.

Han fortel at lukta kan kome av mellom anna lekk i ein av tankane i området, og at dei no vert nøye undersøkte.

ANSVARLEG: Innsatsleiar for brann, Bjørn Berge, seier at dei undersøker tankane i området.

ANSVARLEG: Innsatsleiar for brann, Bjørn Berge, seier at dei undersøker tankane i området.

Kontroll på situasjonen

Klokka 19.49 melder politiet på Twitter at dei har kontroll på situasjonen, og at årsaka til lukta kan vere tomme gassflasker som står i området.

– Desse vart sjekka, og det er ikkje lukt i området lenger. Sannsynlegvis er det dei som har vore årsaka, seier Magnussen og legg til at dei avsluttar på staden.

UNDERSØKER: Tankane tilknytta bensinsttasjonen vart undersøkt.

UNDERSØKER: Tankane tilknytta bensinsttasjonen vart undersøkt.

Artikkeltags