Ung mann gjekk seg fast på Hafstadfjellet - Blei henta ned med helikopter

SENDT HELIKOPTER: Ein mann i slutten av tenåra gjekk seg fast utanfor bystien opp Hafstadfjellet.

SENDT HELIKOPTER: Ein mann i slutten av tenåra gjekk seg fast utanfor bystien opp Hafstadfjellet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Mannen er henta av helikopter, og sendt til helsesjekk på sjukehuset i Førde. – Ingenting tyder på at han er skadd, seier operasjonsleiaren i politiet.

DEL

Klokka 18.51 søndag kveld fekk politiet telefon frå ein mann i slutten av tenåra. Han hadde gått Hafstadkleiva og hamna utanfor stien.

Helikopteret klarte å finne og plukke opp mannen ved hjelp av lyssignal. Han er no sendt til sjukehuset for ein sjekk.

– Han er veldig kald, men oppegåande. Det blei bedt om at helsepersonalet gjer klar nokre tepper til han. Ingenting tyder på at han er skadd, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Mannen ringte og varsla politiet sjølv:

– Han ringde og  at han hadde sett seg fast og kom seg ingen veg. Vi har hatt dialog med han på telefon, og sendt eit helikopter for å hjelpe han. Helikopteret har no lokalisert han, seier operasjonsleiaren.

Snø og tett skog

Sætre fortel at politiet brukte ei stund på å finne ut kor mannen var nøyaktig, medan straumen på mobilen til mannen gjekk mot slutten.

Korleis sette han seg fast?

Han var i eit område med snø og tett skog. Utover det veit eg ikkje meir, utanom at han sa han hadde gått seg fast, seier operasjonsleiar Sætre.

Såg lys som blinka frå fjellhylle

Ein Firda-tipsar fortel at helikopteret kom over hustaka i Lysthaugen rundt klokka 20.

– Etter kvart såg vi eit lys som blinka frå ei lita fjellhylle. Det er ganske bratt nedanfor hylla, seier tipsaren.

Artikkeltags