Uklar framtid for fuglerike Løken

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Planutvalet har handsama spørsmålet om framtidig bruk av området.

DEL

Planutvalet kom fram til følgande forslag til bruk av naturrike Løken i planarbeidet med reguleringa av området Indre Øyrane.

– Planutvalet rår til at ein kombinasjon av naturområde og tilrettelegging for enkel bruk av delar av området vert ført vidare i planarbeidet med indre Øyrane, står det i eit skriv frå Førde kommune.

Området er kjent for å ha eit rikt naturmangfald, og kommunen og firmaet Multiconsult har difor vurdert mange alternativ for bruken av området, der nokon alternativa kunne ha negative konsekvensar for naturmangfaldet. Fylkeskommunen har sendt inn kommentarar til nokre av forslaga.

I det siste skrivet skriv Førde kommune at dei vil arbeide vidare med planframlegg for områdereguleringa, som etter planen blir sendt inn til høyring tidleg i 2017.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken