Sjokk og vantru pregar dei tilsette i Fredskorpset

SJOKKA: – Vi veit at ein del statlege arbeidsplassar blir flytta, men at Fredskorpset blir vurdert er veldig overraskande, seier Marianne Jorddal og Erik Thompson, tillitsvalde i Fredskorpset.

SJOKKA: – Vi veit at ein del statlege arbeidsplassar blir flytta, men at Fredskorpset blir vurdert er veldig overraskande, seier Marianne Jorddal og Erik Thompson, tillitsvalde i Fredskorpset. Foto:

OSLO: – Det er klart at det var eit stort sjokk. Vi har ikkje fått noko grunngjeving på kvifor vi blir vurdert flytta.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Det seier Marianne Jorddal, tillitsvald for Delta i Fredskorpset.

Tysdag blei det klart at Utanriksdepartementet innan 1. juni skal greie ut ei omlokalisering av Fredskorpset, som omfattar vurdering av å lokalisere verksemda til Førde, Trondheim eller Stavanger.

– Vi fekk vite om ei eventuell flytting på allmøte i går, seier Jorddal og held fram:

– Det er klart at det var eit stort sjokk. Vi har ikkje fått noko grunngjeving på kvifor dette blir vurdert. Det er vi spente på å få.

Fredskorpset sitt hovudkontor i Oslo tel 40 tilsette.

Overraska av flytteplanar

Tillitsvald Erik Thompson understrekar at det er flyttinga i seg sjølv dei tilsette er overraska over.

– Sjokk og vantru skildrar reaksjonane frå dei tilsette, seier han.

Oppgåva deira framover blir å vareta dei tilsette.

– Det er vanskeleg å meine noko om plassane på noverande tidspunkt. Vi må innrette oss etter at ei relokalisering blir vurdert, og jobbe med leiinga i prosessen framover, seier Thompson.

Fryktar at folk søker jobb andre plassar

Jorddal seier fokus blir å halde på dei tilsette.

– Vi er jo redde for at folk søker jobb andre plassar. No må vi ta vare på medlemmene våre, seier Jorddal.

Artikkeltags