Førde-journalist med nytt radioprogram

NYSATSING: Programmet «Desse dagar» er ei nysatsing frå NRK der Håkon Haugsbø skal sjå på samanhengen i nyheitsbildet.

NYSATSING: Programmet «Desse dagar» er ei nysatsing frå NRK der Håkon Haugsbø skal sjå på samanhengen i nyheitsbildet. Foto:

Håkon Haugsbø skal diskutere nyheitsbildet på NRK P2.

DEL

– Eg pleier å seie at eg er fødd i Førde, men oppvaksen i NRK. Journalisten i meg er eit seigliva dyr. No kjennest det som å vere tilbake på moderskipet, i eit program som fokuserer meir på den store samanhengen enn detaljane, seier Håkon Haugsbø i ei pressemelding frå NRK.

Komande søndag klokka 11.00 startar NRK P2 si nysatsing «Desse dagar» med Haugsbø som programleiar.

Samanhengen i nyheitsbildet

Haugsbø har lang erfaring med journalistikk, og har jobba i NRK tidlegare, i Dagsrevyen, Forbrukerinspektørene og Brennpunkt. Han har òg leia Stiftelsen for ei kritisk og undersøkande presse (SKUP), og vore kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp.

No ser han fram til nye utfordringar i NRK. I programmet skal Haugsbø ta for seg hendingar frå nyheitsbildet og sjå på den større samanhengen.

– Ei sak som dominerer nyheitsbildet ein måndag kan vere gløymt på fredag. På same måte som matvarekjedene meiner at det er sluttsummen på kassalappen som tel meiner eg at det er dei lange linjene og den store samanhengen som er viktig å sjå, og forstå, seier Haugsbø.

– Drivande dyktig journalist

Kanalsjef for NRK P2, Ole Jan Larsen håpar programmet treffer noko lyttarane vil ha ein søndag formiddag.

– Ambisjonen er å skape eit nytt format på kanalen som går i djupna, men samstundes er underhaldande og engasjerande for lyttarane, seier han i pressemeldinga.

Han er glad for å ha Haugsbø på laget.

– Håkon Haugsbø er ei drivande dyktig journalist og programleiar, som nettopp har evna til å dyrke nysgjerrigheita og skape overraskingar.

Artikkeltags