Symjebassenget opnar for publikum etter brannen

BADETID: Tysdag 20. september opnar bassenget for små og store utan vass-skrekk.

BADETID: Tysdag 20. september opnar bassenget for små og store utan vass-skrekk. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDEHUSET: I morgon kan alle badenymfer endeleg returnere for å kråle, skråle og stupe frå tårnet.

DEL

Omfattande røykskadar frå brannen i mai gjorde at symjegarderobane måtte stengje. No har herre- og damegarderoben fått to nye toalett – eitt mindre toalett og eitt større, tilrettelagt for funksjonshemma. Badstovene er panelte opp, til og med himlingen i taket er skifta ut.

– Alt som vart skadd i brannen, er bytt ut, forklarer kulturleiar ved Førdehuset, Johan Bengtsson.

– Men så er det også ein del ting folk vil kjenne att frå før, for det er ikkje ei totalrenovering som er gjort.

Brannen som starta i badstova i herregarderoben, sparte teater- og kinosal, bibliotek og gymnastikkhall for røykskadar. Sist veke var det overlevering på garderobeanlegget tilknytt symjehallen, og no er ventetida nesten over for publikum, lovar Bengtsson.

Symjeopplæringa starta søndag, og i morgon kan skulane ta i bruk garderobane. Også offentleg bading vert opna frå 20. september.

Olympiske startblokker til symjarane

Tretten år gamle Henrik Stubhaug har venta tolmodig på utbretringane av garderobeanlegget. Som aktiv medlem i Førde IL har han saman med symjelaget det siste halvåret lagt bak seg mangfaldige kilometer. Flittige Henrik sym ofte og langt, vekeplanen er ryddig og grei:

– Eg trenar her fem gonger i veka: måndag, tysdag, onsdag og fredag, og så søndag, og av og til på laurdag.

Han gler seg til å kunne bruke symjebassenget som før, og til å ta i bruk heile bassenglengda. Eit nytt element ved vasskanten, er elektroniske startpallar. Ein stolt kulturleiar Johan Bengtsson peikar på dei, og seier dei er av same sorten som vart nytta under sommar-OL i Rio.

– På grunn av monteringa av startpallane har symjarane berre hatt fri tilgang til eine sida av bassenget. Det har gjort det vanskeleg å ta ut banetau og anna utstyr, seier Henrik Stubhaug, som saman med lagkameratane ser fram til berre å konsentrere seg om å kråle, med kjappe og vande armtak.

I halvnaken tilstand gjennom kulturhuset

SYMJELÆRAR: Terje Sande Solheim har nett hatt time med sin 10. klasse frå Naustdal.

SYMJELÆRAR: Terje Sande Solheim har nett hatt time med sin 10. klasse frå Naustdal. Foto:

Terje Sande Solheim er lærar for ein tiandeklasse frå Naustdal barne- og ungdomsskule, som nettopp har avslutta ei økt i bassenget. Han står i sandalar og badebukse, men har fått på T-skjorte, og fortel at symjeøkta var den første dette skuleåret.

– Vi hadde nokre symjetimar i vår, rett etter brannen, men har ikkje blitt meir påverka enn at vi har måtta bruke andre garderobar, og derfor gå gjennom litt meir av Førdehuset, i halvnaken tilstand.

LANG GANG: Symjarane må ta beina fatt og gå eit stykke.

LANG GANG: Symjarane må ta beina fatt og gå eit stykke. Foto:

Læraren fortel at jenter og gutar har vorte flaue av å måtte gå gjennom Førdehuset i badetøy, men at det har gått greitt fordi det ikkje er så mykje folk innom på dagtid. Sidan brannen i mai har brukarar av bassenget måtta gå den lange vegen frå idrettsgarderobane i underetasjen, ned ein gang, og så opp trappene ved inngangspartiet, i glaninga til alle som kjem inn dørene der.

Henrik Stubhaug, den unge symjaren frå Førde IL, fortel at brukarane av symjehallen har kjent og vore plaga av brannlukt lenge, men at det ikkje er så gale no. Han seier det blir godt med utbetra garderobefasilitetar, fordi det har vore upraktisk å nytte idrettsgarderobane, og nokre gonger flautt å gå igjennom folkemengdene. Alt det blir det slutt på no – for no er fasilitetane igjen sette i stand.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken