Gå til sidens hovedinnhold

Tibber vart kåra til årets gründer

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: I 2016 kom dei på andreplass. Fredag kunne teknologibedrifta Tibber AS frå Førde juble for førsteplassen.

Under fredagens Temposeminar i Florø, vart Tibber kåra til Årets Gründer 2018 i Sogn og Fjordane.

Bedrifta var også finalist i 2016, men vart då slegne på målstreken og kom på ein andreplass. I år vart gründerprisen deira, og med det 100.000 kroner til vidareutvikling.

– Eg hadde faktisk litt sommarfuglar i magen då eg sat i salen før utdelinga. Dette er ei stor anerkjenning for oss, og denne prisen er ein pris til heile teamet vårt. Vi hadde aldri vore her i dag, og oppnådd det vi har klart utan alle timane kvar enkelt i teamet har lagt ned, seier dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes, i ei pressemelding.

Tibber er ein app som handlar straum når prisane er lågast. Appen kan også koplast opp mot målarar og sensorar i heimen, for å redusere straumforbruket. Målet er å fjerne mellomledda mellom kunde og produsent.

Dei to andre finalistane i år var Fjordpanel som kom på 2. plass, og Norse Feedback kom på 3. plass. Desse bedriftene fekk med seg høvesvis 60.000 kroner og 40.000 kroner.

Les også

Joachim kjempar om tittelen som årets gründer og 100.000 kroner. – Kjempekjekt

Les også

Tibber presenterte «pulsklokke» til huset: Folk stod på venteliste for å komme inn

 

Les også

Daniel (31) og Tine (29) flytta til Førde utan å ha sett byen før

Les også

Meiner å ha knekt ein kode for å revolusjonere energibransjen

 

Kommentarer til denne saken