Legg ned alle butikkane i kleskjeda Days Like This

LEGGAST NED: Varner legg ned kleskjeda Days Like This. Butikken på Elvetorget i Førde vil også bli lagt ned.

LEGGAST NED: Varner legg ned kleskjeda Days Like This. Butikken på Elvetorget i Førde vil også bli lagt ned. Foto:

Av

HANDEL: Avviklinga av Days Like This-kjeda skjer fordi Varner tapar pengar på drifta. 51 butikkar med 300 tilsette vil bli ramma.

DEL

(BA): Varner Gruppa opplyser i ei pressemelding at dei 51 butikkane i kleskjeda Days Like This vil bli avvikla i løpet av ein 12-månadars periode.

Kleskjeda har mellom anna ein butikk på Elvetorget i Førde og tre i Bergen.

– Trist

– I 2017 vart Vivikes omprofilert til Days Like This i eit forsøk på å løfte kjeda og dei økonomiske resultata. Det vart sett i gong ein rekke tiltak for å snu den negative utviklinga, men dette har dessverre ikkje gitt ønska resultat. Det er trist at vi ikkje har lykkast med snuoperasjonen for Days Like This, spesielt for dei tilsette som har lagt ned ein stor innsats i eit forsøk på å snu skuta, uttalar Øyvind Bustnes i Varner.

Kjøpt i 1994

Varner kjøpte Vivikes i 1994. Kjeda hadde ein omsetning i 2018 på netto 232 millionar kroner, opplyser selskapet.

– Vi ønsker å vere opne og transparente om det som skjer, derfor informerer vi allereie no om avgjerda om å avvikle kjeda. Det er viktig for oss å ha ein ryddig prosess overfor tilsette, kundar og samarbeidspartnarar, seier Bustnes.

Artikkeltags