Knallresultat for Gjensidige Bank

Tor Egil Nedrebø er direktør i Gjensidige Bank, Førde.

Tor Egil Nedrebø er direktør i Gjensidige Bank, Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Gjensidige Bank leverte tidenes resultat i årets første kvartal.

DEL

Før skatten er betalt sit banken med eit resultat på 102 millionar kroner. Dette er ei solid betring frå same periode i fjor då resultatet var 78 millionar kroner. Renteinntektene var på totalt 379 millionar kroner, 47 millionar over fjorårets første kvartal.

– Svært godt nøgd

– Dette er eit resultat vi er svært godt nøgd med, og utviklinga går i den retning vi har planlagt, seier direktør Tor Egil Nedrebø.

Forklaringa ligg i auka utlånsvolum og at banken hadde betre marginar i år enn i fjor.

– Vi har hatt stabil vekst sidan starten for ti år sidan, og eg ventar at den positive utviklinga held fram, seier Nedrebø.

Best på kundeservise

Men det er ikkje berre omsetningstala som gler bankdirektøren som er sjef for rundt 60 tilsette ved kontoret i Førde.

– Dei siste sju åra har vi vore med i kåringa av årets kundesenter, og vi har fått to første- og fire andreplassar på denne kåringa. I år vart det 2.-plass, bak Fana Sparebank, men resultatet viser at vi over tid er det beste kundesenteret i landet. Det er svært hyggeleg, og viser at  dei som jobbar her gjer ein god jobb, seier Nedrebø.

Feirar 10-års jubileum

Og neste fredag pakkar han og resten av dei tilsette i Førde kofferten og set kursen mot Geilo og feiring av tiårs jubileet. Det same gjer dei tilsette ved avdelinga i Oslo, og dermed er det duka for stor feiring med dei rundt 180 tilsette.

Artikkeltags