Han blir ny direktør i Artic Shipping AS

NY DIREKTØR: Rune Førde gjekk over i jobben som administrarande direktør i Artic Shipping 1. desember.

NY DIREKTØR: Rune Førde gjekk over i jobben som administrarande direktør i Artic Shipping 1. desember. Foto:

NÆRINGSLIV: Rune Førde går inn i sjefsstolen i Artic Shipping, medan Ove Vilnes trer ned og blir arbeidende styreformann i Artic Group.

DEL

Det melder selskapet sjølv, i ei pressemelding.

Rune Førde er frå Jølster, og vart først tilsett hos Artic Shipping AS i 2008.

Han har erfaring som sjømann på skipa til reiarlaget, og har dei siste åra fungert som mannskap/adm. sjef. på kontoret. Førde har allmenn pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Byrja 1. desember

Førde-reiarlaget Artic Shipping driv i dag seks skip innan fiskefortransport og servicebåtar. Reiarlaget har kring 80 tilsette.

Rune Førde starta i stillinga 1. desember 2017. No skal han som administrerande direktør ha ansvaret for Artic Shipping AS sin daglege drift og vidare utvikling.

– Dette er ærefullt og spennande. Eg har vore involvert i drifta nokre år no, så eg veit kva eg går til. Eg vil fortsette det gode samarbeidet og ser fram til nye utfordringar, seier Rune Førde til Firda.

Førde og kompanjong Thomas Lekva dreiv i si tid Oro Shipping, under paraplyen til Artic. Det firmaet er no fusjonert inn i Artic, og dei to fekk tilsvarande i eigardelar i morselskapet.

Han vert med det sjef over 80 tilsette på sjø og land, derav 12 lærlingar. Firmaet har i dag seks skip, alle med heimehamn Florø og oppdrag hovudsakleg innanfor fiskeoppdrett.

– Eg ønsker meg fleire folk frå fylket ut i sjømannskap. Vi er i ei næring som er i vekst, medan i oljen går det andre vegen. Det vert sagt at i 2050 vert fisk større enn oljen, seier Førde.

Endrar leiarfunksjon etter 25 år

Styreleiar og eigar i Artic Gruppen, Ove Vilnes, er nøgd med tilsettinga av sin nye administrerande direktør.

– Førde kjenner reiarlaget og mannskapa godt, og leiarskiftet i reiarlaget vil på denne måten skje på ein smidig og god måte, seier han i pressemeldinga.

Vilnes har leia reiarlaget i 25 år. No endrar han sin daglege funksjon til berre å bli arbeidande styreformann i Artic Group.

Der skal han ha fokus på design av nye skip, sal av selskapets Maritime kompetanse, og byggeleiing innan gruppa si nybygg-avdeling. Desse oppgåvene skal han gjere saman med ny Adm.dir. i Artic Group, Ingar Fiskarstrand, ifølgje pressemeldinga.

Fiskarstrand overtek også styreformann-vervet i reiarlaget Artic Shipping AS.

Artikkeltags