Her kvelva dei begge to – åtvarer andre

Andrine Hauge (16) og Kamilla Hornes (16)

Andrine Hauge (16) og Kamilla Hornes (16) Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Andrine og Kamilla (16) har begge kvelva i rundkøyringa ved Biltreff i Førde. – Ofte farleg i første rundkøyring etter bensinstasjon, seier køyrelærar.

DEL

– «Kva skjedde no?» var det einaste eg rakk å tenke der eg plutseleg låg ved sida av sykkelen, fortel Andrine Hauge medan ho peiker bort på ulykkesstaden.

– Det skjedde så utruleg fort.

Andrine var på veg til ei venninne på lettmotorsykkelen sin då uhellet skjedde. Ho køyrde i normal fart inn i rundkøyringa ved Biltreff i Hafstadvegen, då ho halvvegs gjennom kvelva og vart liggande i vegbana.

Ho slapp frå det heile med eit hol i buksa og nokre skrubbsår. Venninna Kamilla Hornnes på seksten år, har også nokre blåmerke å vise til. Ho kvelva i rundkøyringa då ho sat på skuteren sin.

– Sjølv om det regna, følte eg at eg hadde kontroll. Eg køyrde ikkje noko fortare enn vanleg heller, men plutseleg mista eg veggrepet, fortel Kamilla.

GLATT: I denne rundkøyringa ved Biltreff i Hafstadvegen skal fleire ha kvelva på sykkel eller skuter.

GLATT: I denne rundkøyringa ved Biltreff i Hafstadvegen skal fleire ha kvelva på sykkel eller skuter. Foto:

Skummel rundkøyring

Etter velten har begge jentene vorte meir forsiktige i rundkøyringar og svingar. Det dei synest er skummelt, er at så mange andre har opplevd det same.

– Eg veit om to andre som har kvelva i akkurat same rundkøyring som meg, og fleire som har vore farleg nær, seier Andrine medan Kamilla nikkar i bakgrunnen.

– Kan det ha noko å gjere med fart, trur de?

– Det er klart at ein kan stole for mykje på seg sjølv i nokre situasjonar, forklarar Kamilla der ho står att med skuteren sin.

– Men det er definitivt enkelte rundkøyringar som er glattare og verre enn andre.

Andrine og Kamilla meiner det er fleire grunner til at denne rundkøyringa kan opplevast som vanskeleg. Både dei og foreldra deira har merka seg at det til tider ligg oljesøl i vegbana, kanskje fordi bensinstasjonen er like ved. Det kan gjere vegen endå glattare, og då er det ekstra viktig å vere på vakt.

Oljesøl farleg

– På kursa seier vi alltid at ein må vere obs på første rundkøyringa etter bensinstasjonen.

Det seier køyrelærar Jan Erik Odden ved Odden trafikkskule. Han køyrer motorsykkel til og frå jobb kvar dag, og var sjølv ein gong ute for same uhell. Det var riktignok i rundkøyringa ved Førde hotell, men årsaka var den same.

– Eg hadde ikkje nokon sjanse. Det var heilt såpeglatt, fortel Odden om velten.

Odden forklarer vidare kor viktig det er å vere bevisst særleg i svingar når ein køyrer på to hjul. Rundkøyringar er som regel doserte ut mot sida og dette er noko ein må ta høgde for. Det hjelper likevel lite om oljesøl ligg og ventar rundt neste sving.

– Om det er lekkasjar frå bilar, kjem det i den rundkøyringa. Ei ekstra utfordring her er jo at det er bensinstasjonar i hytt og pine, seier Jan Erik Odden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken