Over 20 laks tekne på tolv timar i Flekkeelva

FULL KVOTE: Før klokka ti om formiddagen hadde Svein Eide fylt opp kviten på to laks i  Flekkeelva. - No blir det å frille og slappe av resten av dagen, seier han.

FULL KVOTE: Før klokka ti om formiddagen hadde Svein Eide fylt opp kviten på to laks i Flekkeelva. - No blir det å frille og slappe av resten av dagen, seier han. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eit godt opningsdøgn, seier grunneigar Knut David Hustveit.

DEL

Laksesesongen var ni timar gammal då Svein Eide frå Førde fekk sin første laks for året i Flekkeelva i dag.

– Eg fekk ein på 8,5 og ein på 8,7 kilo. Dette blir fin røykelaks, smiler Eide.

Laksane vart tekne på Kleppesluk på Hellebust i sone ein.

Legendarisk sluk

– Kleppesluken er vel så smått legendarisk her ute, seier Eide.

Kvar fiskar får lov å ta to fiskar på land i Flekke-elva. For Eide sin del betyr det at fisket for i dag er over. No ventar ein lang ettermiddag i den største fred og ro:

– Vi er ein gjeng som ligg på den vesle campingplassen borte ved elva. Det er dei same folka som kjem att, år etter år. No blir det grilling og avslapping resten av dagen, smiler Eide.

Mykje storlaks

Grunneigar Knut David Hustveit seier det har vore eit opningsdøgn som må kallast godt:

– Eg køyrde rundt ein runde i elva i formiddag, og då var det teke litt over 20 laksar. Det spesielle er at størsteparten av dei er storlaksar på over sju kilo, seier Hustveit.

Artikkeltags